
Har høyrt det før
Utan særeigenheit nådde ikkje Lionhorse heilt opp.
Café Løkka var fyllt med eit litt eldre publikum enn det ein har sett elles under Trondheim Calling. På scena sto Trondheimsbandet Lionhorse klare til å syne oss deira side av rock/americanaverda. Debutalbumet deira, Pine Wood Tree kom i fjor vår, ryktene fortel at oppfølgjaren allereie er på veg. Det blir sagt at dei kjem med eit nikk til både Neil Young og Pearl Jam. Med så flotte referansar og mykje solid materiale å velje mellom låg det an til å bli ein bra kveld og konsert.
Dei opna konserten med ei ny låt, «No More». Den hadde tendensar til å bryte ut i kule riff og det gjengse publikum lot seg underhalde. Dei fyrste par låtene hadde fart og var drivande. Ein dedikert fanklubb hadde møtt opp og ropte begeistra på gitarist Håvard Ophaug mellom låtene. Dei driv konserten vidare med nytt materiale, utan å gi i frå seg den heilt store energien. Tankane vandrar bort frå det som skjer på scena og til kva ein skal finne på seinare denne laurdagskvelden.
Femte og sjuande låt ut kjem begge frå debutalbumet. «Turn Back Time» med ein solid kassegitar i botn og «Sometimes» med ein kul gitarsolo. I mellom dei to framførte dei ei låt som handla om 22. juli-hendingane. Det var ein flott gest og ei påminning om det som etterkvart har hamna lenger bak i hovudet til mange, men som me aldri må gløyme.
Diverre er det som skiller seg ut frå konserten stemma til vokalist Eirik Lian. Den er noko skjerande og gjer litt vondt i øyra. Lydbiletet deira elles er utan spesielle moment, Lionhorse har lite nytt å kome med og ein føler at dette er noko ein har høyrt hundre gongar før. Verken bandet eller konserten vil gå inn i historieboka som spesielt minneverdig.