
Intervju med Storm Weather Shanty Choir
Tidlegare i mars var det duka for Storm Weather Shanty Choir på Familien. Me tok ein prat med karane, og fekk lære eit og anna om shanti.
Shanti. Kva tenkjer du då? Eg tenkte eldre sjømenn med skjegg og anker tatovert på overarmen. «Hiv og hoi» medan dei heiste segla på skuta. Vel, det var noko av sanninga for om lag 200 år sidan. Så møtte eg karane i Storm Weather Shanty Choir.
– Ja, det er kanskje dei 90 år gamle mennene med skjegg og pacemaker som har vore med og teke vare på tradisjonen, fortel korets forsongar Håkon Vatle.
– Er det noko gale med skjegg? Eller pacemaker, spør lyrisk tenor Roald Kaldestad og bass Vidar Vedå tørt.
Både Kaldestad og Vedå har ansikta fullt av skjegg. Om dei har pacemaker i tillegg veit me ikkje.
– Vår jobb er å få shanti tilbake til der det høyrer heime, fortset Vatle.
Og kvar er det? Jau, blant dei tøffaste gutane på seglskutene. Seglskuterockarane rett og slett. Dei brukte shanti som arbeidsmusikk. Med mykje energi og eit lett refreng er dette svært fengande musikk.
«Statsraad Lehmkuhl»
Føre oss sit altså eit kor på seks menn. Fem frå Stord og ein frå Sveio i Sunnhordland. Det heile starta med Vatle si mønstring på seglskipet «Statsraad Lehmkuhl». Her fatta han interesse for denne typen musikk. Vel heime på Stord fekk han resten av gjengen like gira som seg sjølv og koret såg dagens ljos i 2000. Dei kan sjå tilbake på blant anna to turnear i USA og to i Japan.
– Shanti er for alle. Det fenger folk i alle aldrar og frå alle kulturar. Me har spelt på alt frå ein sjukeheim i USA til ein ungdomsskule i Japan. Det raraste var kanskje sjukeheimen. Publikum blei trilla inn i rullestolar, fortel Kaldestad
– Folk som ikkje hadde gått på 20 år reiste seg, skyt barytonspelar Ronny Sætre syrleg inn.
Noko ikkje alle er klar over er at mange pop- og rockeartistar har tolka shantilåter i løpet av si tid som musikarar. Det kan Vatle lære oss.
– The Beatles tolka «Maggie Mae». Iggy Pop, Lou Reed, Bono, Sting - alle har dei sunge shanti i løpet av karrieren sin.
Det blir noko litt meir handfast som den gjengse musikkentusiast kan relatere seg til.
Henta til statane
Den fyrste USA turneen starta med spelejobb i eit bryllaup. Dei gjer vanlegvis ikkje bryllaup, men når førespurnaden kom heilt frå andre sida av atlanteren, var det dumt å seie nei.
– Heile koret blei fl ydd over på brura si rekning. Det var rike folk, fortel Vatle.
Det heile skulle vere ei overrasking til brudgommen.
– Men det var minst like stort for oss, held han fram.
Det høyrer med til historia at brudgommen hamna i ei trafi kkulukke ei tid etter. Helsepersonellet måtte klippe opp t-skjorta hans som diverre var ei Storm Weather Shanty Choir, enda han bestemd ba dei om å la vere.
– Han er blodfan på alle måtar. Han har fått ei ny t-skjorte i posten, seier Vedå.
Interaktive konsertar
Konsertane deira er ei oppleving i seg sjølv.
– Hovudingrediensen er at publikum er med. Det er ein interaktiv konsert, fortel Gisle Østrem, som også er lyrisk tenor.
Der blir det drege i imaginære tau. Med fl øyte rundt halsen ropar Vatle ut kommandoar om å skrike «gin!» no og «hoy!» då. Sunnhordlendingane er dei einaste av sitt slag i landet, desse einsame shantirockarane. Dei gjer ein sabla god jobb med å halde liv i musikken