Kvalitet og soliditet

Highasakite var usannsynleg vakkert og over altfor fort.

Publisert Sist oppdatert

Forventningane var høge, og dei nådde kanskje heilt opp til universet. Highasakite har levert så bra den siste tida, at om ein visste av ein sikker konsert på heile Pstereo 2014, så var det deira. Så sat me der då, sletne festivalkroppar lent mot innsperringa. Nokre regndråpar trua nølande, dei meinte det ikkje heilt. Og der kom Kristoffer Lo på scena, og Marte Maaland Eberson. Heile bandet. Til sist vokalist Ingrid Helene Håvik. «Lover, where do you live?» spurde ho, og det var i gang.

Deira andre album, Silent Treatment, som kom i februar i år, er nærast feilfritt. Det består av ti usannsynleg vakre spor som banar veg inni hjartet, og blir der for alltid. Og dei spelar alle, utanom ei på årets Pstereofestival.

Tredje låt ut, «Hiroshima» er eit av høgdepunkta på albumet, så langt det går an å velgje ein favoritt. Og om den er vakker frå høgtalarane heime, så kan du gange det med astronomiske tal for å skildre kor nydeleg den er live. Litt meir sjarmerande karisma har Håvik også kosta på seg under kveldens konsert. Ho som vanlegvis framstår som introvert og nesten overlegen, verka no genuint lukkeleg over å få spele på festivalen. Humøret hennar smitta over på publikum.

Då det var duka for ein anna høydare, «I, The Hand Grenade» rasa gode og vonde frysningar frå kalde skuldre til nybarberte leggar, over heile kroppen. Alt var perfekt - koringa frå resten av bandet, og lysfontane. Det var nokre minutt me seint vil gløyme.

Diverre var det over altfor fort. Dei spelte berre dei ni låtene. Alle frå siste skiva, og ingen frå debubalbumet All That Floats Will Rain, som også bugner over av rått materiale. Konserten varte i 45 herlege minutt. Og om det var tida dei hadde til disposisjon, eller om det var alt dei meinte me fortente, er uvisst. Me ville iallefall ha mykje meir. Vonar det kjem neste gong me ser disse fem purunge, men utruleg talentfulle musikarane.

Powered by Labrador CMS