
Kvifor i September?
Retrorockarane frå Moss er tilbake med ei ny plate. Og etter ein forrykande releasekonsert på Samfundet, er det tid for å ta ein titt på plata You’re An Animal.
På denne tredje plata fortsett dei i same tempo, og spel ein 60- og tidleg 70-tals inspirert garage som gjer seg godt på øyret, samt på konsert, som vi såg for litt over ei veke sidan. Frå fyrste låt “Stare at the Sun” dreg dei i gang med eit lydbilde som skal halde seg for det meste av albumet. Mykje riffing, leikande rockeorgel, klar, energisk og litt bakliggande vokal som spyttar ut tekstar som gjer seg like godt nå som dei forrige albuma.
Det er nok dette som trekk ned denne plata. At det gjer seg like godt, men ikkje bedre enn dei førre. For dei forsøkar seg ikkje på så mykje nytt på dei 11 låtane som utgjer skiva. Dei har gjort det sikkert, utan å ta dei største sjansane med musikken sin. Gjengen har laga eit album som gjer at vi får lyst til å danse, hoppe og synge, men det gjev oss òg ein følelse av å ha høyrt det meste frå før. Eg lurar også på kvifor det blei slept i september i stedet for på sumaren. You’re An Animal gjev ein fin sumarfølelse som kastar deg tilbake til festivallivet med øl, grønt gras og godt humør. For det er eit skikkleg god-følelsesalbum som gjerne kunne gått på repeat ein roleg solskinsdag i parken.
Lydbildet forheld seg mykje på det same gjennom heile albumet. Høgt tempo og leikande musikk. Det er ikkje før tredje siste låta “I’m Not the One” at vi får eit lite avbrekk med eit noko rolegare komp, samt ein smule sartare vokal og gitar. Dessverre er avbrekket av dei svakare låtane, og det er ikkje for tidleg, når dei to siste låtane avsluttar albumet i same tempo som den starta.
Death By Unga Bunga har laga eit godt album som ikkje berikar oss med dei største musikalske opplevingane. Låtane er godt gjennomførte med mykje driv og godt humør. Dessverre blir det nok ikkje den skiva som blir spelt mest i løpet av høsten, men kven veit, eg hadde ikkje vorte overraska om det hadde vorte neste års sumarplate.