ØRKENROCK: Med albumet Peace er Vino Chino bedre enn Queens of the Stone Age, mener vår anmelder.

Kyuss lever vidare

Atten år etter "...And the Circus Leaves Town" er halve Kyuss-gjengen samla att, no som Vista Chino, og med "Peace" leverar dei eit album som godt kunne glidd inn i den legendariske Kyusskatalogen.

Publisert Sist oppdatert

Det er no atten år sidan det legendariske ørkenrock-bandet Kyuss slapp si siste plate, “... And the Circus Leaves Town”. Etter dette har det vore 16 år med nye, og eit par etter kvart ganske så legendariske band sjølv, frå dei tidlegare bandmedlemma. Queens of the Stone Age, Mondo Generator, Fu Manchu og Slo Burn er berre nokre få eksempel på band frå desse særs produktive karane. Fleire av desse, og kanskje i særs det fyrste anførd av Josh Homme og deira respektive album, blir ofte nemnt som nokre av dei mest innflytingsrike og beste albumma frå 1996 til i dag.

Og sjølv om mange av banda er kollaborasjoner eller med hjelp av dei andre frå Kyuss var det aldri prat om å starte opp at bandet. Heilt til i 2011. Då bestemde vokalist John Garcia, trommis Brant Bjork og bassist Nick Olivieri, saman med ny gitarist Billy Cordell (Yawning Man) seg for å lage eit nytt album og dra på turné, nå under namnet Kyuss Lives!. Turneen blei gjennomførd og kritikerrost opp i skyane, men så kom det harde 2012. Rett før dei skulle gå i studio vart dei saksøkt av tidlegare gitarist Josh Homme og bassist Scott Reeder for "trademark infringement and consumer fraud”. Året 2012 blei brukt i rettsalen og heile saka endte opp med at dei måtte byte namn til Vista Chino, men som John Garcia seier: “Namn er ikkje viktig for oss, vi skal lage musikk uansett”. Så kom endeleg september 2013 og deira album «Peace».

Albumet fortsett der “...And the Circus Leaves Town” slapp, med feite blues-riff, knusande trommer og den karakteristisk raspande stemma til John Garcia. Låter som Dargona Dragona, As You Wish og den forunderlige todelte Acidize - the Golden Moose høyres ut som dei er jamma fram på rusoversømte festar ute i Palm Desert. Adara er nærmast ei perfekt stonerlåt, det same med Dark and Lovely , men då er det ikkje sjangeren eg tenkjer på. Barcelonian er nok den låta som liknar minst på dei gamle låtane til Kyuss, men visar at dei fortsatt klarar å skape noko nytt, noko som gjev dette albumet det lille ekstra.

Sweet Remain er ei intens låt spelt inn på Jim Morrisons gamle mikrofon, og gjer ikkje skam på The Doors-legenden. At Garcia med sine 30 år med rockeliv fortsatt klarar å synge på det nivået han gjer må nok vere intet mindre enn eit medisinsk mirakel. Nick Olivieri som var med å gjenoppstarta bandet var ikkje med på albumet, men er fortsatt kreditert som “æresmedlem” og har skreve Mas Vino , noko som ikkje kjem som ein overraskelse. Låta er eit 1 minutters bassgroove som gjer seg godt som ei lita pause før Björk skrur opp takta igjen på siste delen av plata.

Peace er ei meget gjennomført plate som godt kunne glidd inn i den legendariske Kyusskatalogen. Dei har klart å halde på energien og råskapen som ga dei gamle albuma den posisjonen dei har i det moderne rockelandskapet, samtidig som dei leika seg og skapa eit av 2013s feitaste album. Ein ting er sikkert, Queens of the Stone Age sin plate «…Like Clockwork», som og er ei veldig feit plate, må nok sjå seg slått i kamp om årets beste album frå gamle ørkenrockarar, søksmål eller ikkje.

Høgdepunkt: Dargona Dragona, Sweet Remain, Acidize - The Golden Moose

Powered by Labrador CMS