Leikent og lett

Unge og lovande Iffy Orbit innleia laurdagens Knausfestival og viste sitt potensiale.

Publisert Sist oppdatert

Publikum var nølande og lot vente på seg, grunna dette gjekk det ein liten halvtime over skjema før Iffy Orbit endeleg entra scena på Knaus. Framføre oss sto no fem svært søte, purunge gutar med halvlangt hår og audmjuke smil. Lette og lystige poptonar fyllte rommet og me fekk servert låta «Balancing».

Tilsynelatande komfortable og scenevante har dei allereie rukke å bli, og innlevinga var stor i deira eksperimentelle indierockverd. Andre låt ut heitte «We as one», den var ei av dei fyrste dei skreiv og handlar om «sjærlighet» kunne vokalist Kristoffer Robin Moe Severinsen meddele. Småcatchy melodiar og glade keyboardlydar prega lydbildet deira, diverre var ikkje lyden den beste på Knaus denne kvelden. Verken Severinsen noko svake vokal eller gitaren kom spesielt godt fram.

Me blei presentert for mykje eige og nyleg produsert materiale. Dette har dei jobba hardt for dei siste to vekene i forberedingane til den komande konserten i Den Norske Opera & Ballett, fortsett Severinsen. Det var også rom for to coverlåter. Disse var reint instrumentelle, den eine av New Jersey-eksperimentøren Delicate Steve som nok er ei stor inspirasjonskjelde for Iffy Orbit.

Severinsen prøvde lukka med eit ambisiøst allsangforslag, men det er grenser for kor lange sekvensar Knauspublikummet kan hugse av ei ukjent låt ein sein laurdagskveld. Han skal ha for forsøket og eit noko lunde godt publikumstekke likevel. Me blei engasjert i rytmisk klapping og tendensar til lette hoftevrikk.

Dei avslutta med låta «The Fourth Dimension» som gjorde dei til Ukas Urørt i september i fjor. Dette er nok ikkje den sterkaste konserten Iffy Orbit har gjort eller kjem til å gjere, men dei har heilt klart talent og potensiale. Dei var eit fint bidrag til Knausfestivalen, og med mykje å gå på kjem me nok til å høyre meir frå disse gutane i framtida.

Powered by Labrador CMS