Mannen med dobbeltgitaren

Bandet med Noregs vanskelegaste namn leverte på Blæst.

Publisert Sist oppdatert

Å gå på konsert med eit band du aldri har høyrt om er alltid interessant. Du har mest sannsynleg høyrt frå ein kompis eller tre at det er "jævlig fett", kanskje litt om sjanger og om bandet, men nysgjerrigheita og kriblinga i magen er likevel velkjent. Blir dette ein bra konsert, eller er du omringa av tomsingar?

Fakta

Trondheim Calling (31.01-1.02)

Festivalen for midtnorsk musikk er i gang på 10 scener, og dusken.no følger festivalen fortløpende. Trykk her for å komme til oversikten.

postBluesKollektivet tar for seg og spiller den gode rockemusikken, hver mandag fra 16-17. Følg oss på Facebook.

Tremoro Tarantura var ein slik konsert. Eg dukka hovudet innom Blæst klar for alt eller ingenting, og kva var det som sto og venta på meg? Ein mann med dobbeltgitar. Dette måtte jo berre bli bra.

Frå fyrste strøket av strengar blei mine fyrste mistankar bekrefta. Med sin psykedeliske støyrock fekk bandet rommet til å spinne. Musikken breidde seg for det meste instrumentalt med seige rytmar som fekk utfolde seg fritt i rommet saman med hovudar i taktfast kasting gjennom heile konserten.

Dette var den fyrste konserten deira i Trondheim, noko som gjenspegla seg i publikum. Blæst var nesten heilt fullt og stemninga var upåklageleg gjennom heile konserten. Med høgrøsta ønske om "meir" og applaus gjekk bandet av scena. Det verka ikkje som om settet varte lengre enn fem minutt. Eit stykke av tid forsvunne i ein tornado av riff og sløy støy.

Powered by Labrador CMS