
Musikalske eventyr i hovudstaden
Kva er noko av det ein kan oppleve på ein tilfeldig vald kveld under by:larm? Dette er ein liten smakebit.
By:larm; ein kulinarisk gryterett av nordiske artistar. Her opptrer mykje av det som kan krype og gå av musikarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Island og Finland. På Youngstorget i Oslo blir det sett opp to romslege festivaltelt, og elles er scenene og utestadene i omegn flittig i bruk. Her er det rom for å oppleve mange «up and coming»-artistar. Det lyser opp ein elles grå februar og gjer godt for eit bankande festivalhjerte som lengtar etter sommar.
Fengande mørk pop
I teltet som har fått namnet «P3-annexet» får ulike Urørt-artistar boltre seg. Torsdagskveld under festivalen var turen kome til to unge jenter ved namn Elsa & Emilie. Den Haugesundsbaserte duoen har skrive låter sidan dei var 13 år gamle. Dei er enda ikkje fyllt 18, men skriv, syng og spelar låter som om dei ikkje har gjort noko anna. Sjarmerande og passeleg blyge på scena serverte dei oss den eine catchy låta etter den andre. Lysta til danse og synge med sneik seg innpå.
Jentene opptrer vanlegvis åleine, kun i selskap av ein kassegitar. Under denne konserten var dei akkompagnert av eit band som gav det heile ein større dimensjon, eit storslått både mørkt og poppa lydbilete. Det var ei frydefull oppleving å høyre desse purunge og talentfulle jentene.
Har ein lang veg å gå
Kvelden førte oss vidare til utestaden Herr Nilsen ved Tinghuset. Her venta Daniel Kvammen. Guten kjem frå Geilo og skriv låter basert på personlege erfaringar om alt frå kompisane sine til mora som lagar kjøttkaker. Desse veksla han med å framføre med ein melankolsk vri eller med ei humoristisk tilnærming.
Tydeleg nervøs underheldt Kvammen med fomlete anekdotar mellom låtene. Mykje av dette kunne han spart oss for. Før siste låt ut fortel han at målet med konsertane sine er å la publikum forlate staden utan kjensla av at dei vil ta livet sitt. Difor avslutta han alltid med ei rask og glad låt som handlar om alle venene frå heimstaden. Eit noko sjarmerande forsøk på å live opp stemninga, diverre nådde det ikkje heilt opp. Ein har sanneleg ikkje lyst å ta sitt eige liv, men ein har heller ikkje lyst å høyre meir. Ein publikummar sa det vel, at Kvammen minner mest om ein pubertal Stein Torleif Bjella.
Botnsolide trubadurar
Godt var det då at solide og nydelege Iampsyencefiction overtok scena like etterpå. Dei er eit band som vanskeleg lar seg plassere innanfor nokon sjanger. By:larm sjølv prøver å gi ein liten peikepinn og refererer til The National sitt 2005-album Aligator eller Kurt Viles Childish Prodigy frå 2009.
Frontfigur Alexander Johansen skildrar lydbiletet deira som innåtvendt, tungt og sakralt messande. Det er vakkert og vondt på same tid. Kveldens konsert på Herr Nilsen føyde seg inn i ei veksande rekke av flotte konsert framført av bandet. Dei har lagt ut på ein spanande veg og er absolutt eit namn og merke seg. Iampsyencefiction vil me få høyre meir av.