Opp og fram

Rogaland fortsett å levere feite rockeband på løpande bånd.

Publisert Sist oppdatert

På torsdag var det klart for at to gjengar med gærningar frå Rogaland skulle ta over Familien. Med representantar frå Stavanger og heilt til Sandnes kom dei med punk, rock, samfunnskritikk, bustete hår og dialektord ingen skjønte.

Bokassa dro i gang showet på Familien. Trioen spelte punkrock frå øverste hylle, med masse energi, vestlansk humor og svevande tankar om verda. Med låter om den nye regjeringa og runking på bussen, møtte dei kriteria for god punklåtskriving. Vokalist Jørn Kaarstad vitsar mellom låtane og sjølv om noko var ein smule vanskeleg å forstå skapar dei masse liv hjå pulikum. Legg ein til tunge stoner-riff og Lars-Erik Andreassen i storform på bassgitar var dei ein fryd å sjå på.

Ikkje ver dum som meg forresten. Dei heiter Bokassa, ikkje Bokkassa. Det eine er ei kasse med bøker, mens det andre er ein afrikansk diktator dømt til døden for mord, tortur og kannibalisme. Eit godt navn for eit punkband altså.

Neste band ut på scena hjå Familien var kveldens hovedattraksjon, Frk. Fryd, også dei eit relativt ukjend band. Eg hadde berre høyrt ei låt før, den utruleg fengande “Blod & Honning”, og det er alltid interessant å sjå om framadstormande band har fleire bein å stå på.

Og dei skuffar ikkje. Med rett-fram-rocknroll og låtar som “Salt i Såret” og “Slem Pike” visar gruppa at dei er meir enn eit ein-låts-vidunder. Det er tydleg å sjå at Frk. Fryd har spelt saman i mange år, dei er særs samspelte og eit stort scenenervær. Låtane er fengande som faen og stemma til Caroline Ekeli gjer seg særs godt i dette musikklandskapet. Mens bassist Embla Jagdum står for kosepraten mellom låtane, står gitarist Elise Andersen og trommis Julie Børresen for dei musikalske knyttneveslaga. Sammen har bandet ein fantastisk utstråling og gjer eit godt sett på Familien.

Samtidig så eg ein følelse av at dei kanskje er litt for trygge, at dei spel på litt for mange rockeklisjear. Eg ser gjerne sett at dei utforskar musikken sin enda litt meir utover. Det er berre å sjå på band som Oslo Ess at ein faktisk kan skrive gode tekstar på norsk utan å falle altfor langt inn i klisjear, norske ordtak og idiomatiske uttrykk. Urørt-bandet har mykje potensiale og det skal bli morosamt å sjå kor dei går musikalsk frå her. Eg blir ikkje overraska om vi får mange feite konsert- og låtopplevelsar frå denne gjengen i åra som kjem.

Ein ting er sikkert, vi i publikum fekk to gode konsertar denne torsdagen på Familien. Begge banda er på tur opp og fram, og eg gler meg til å sjå kvar dette endar opp. Lykke til vidare.

Jakop Vorkinn, postBluesKollektivet “postBluesKollektivet tar for seg og spiller den gode rockemusikken”

Powered by Labrador CMS