
Pstereo 2013: Musikkelskar eller berre ven?
Festivalar er som folk – alle har sin personlegdom med gode og dårlege sider. Pstereofestivalen 2012 har fått ein smalare og mindre kommersiell bror. Nokon likar broren, andre ikkje. Denne yngre utgåva var skapt for musikkelskarane, og vart godt teken imot.
Dag 2
Når dørane akkurat er opna og alle har fått i seg passe mange øl, det er varmt, musikken koseleg og armslaget stort. Dét er den beste tida av festivalen. Å starte laurdagen med dei energiske sjarmørane i Casa Murilo gjorde seg godt. Dagen derpå var eit faktum for mange og det trengs både smittande humør og energi for å få opp stemninga, noko dette bandet klarde med glans!
Dagens val dreide seg i hovudsak om valet mellom rock eller elektronika: Phox eller Bendik; Oslo Ess eller Cashmere Cat; Goat eller Baauer. Ja takk, begge deler sa eg og sprang i skytteltrafikk mellom Kanonscena og Basstionen. Innimellom slaga vart den største scena, Elvescenen, tatt i bruk og det var berre å sette i øyreproppane då stonerrockebandet Monster Magnet og hiphoperen Dizzie Rascal sette i gang.
Pstereo- ikkje øydelegg for deg sjølv!
På eit så lite og komprimert festivalområde var maks lydnivå på storescena unødvendig. Om du ville eller ikkje: det var umogeleg å ikkje få med seg desse banda, og det sjølv om du eigentleg hadde vald å få med deg ein annan konsert som gjekk simultant.
Christoffer Øien, som spelte på Temposcenen vart, dessverre, akkompagnert av bakgrunnsstøy frå Monster Magnet, og han var ikkje den einaste som vart forstyrra av musikk frå andre scener. Lydprøver skulle gjennomførast mellom konsertane, noko som vil seie at samtlege scener var i bruk samstundes. Eg irriterte meg grøn begge dagane over å høyre lydsjekk av gitarar og trommer frå andre scener, som forstyrra den konserten eg eigentleg var på. Kom igjen da! Dette er sjuende året Pstereo blir arrangert, dette blir for amatørmessig.
Festivalen for musikkelskarar
«Dette programmet er ikkje satt sammen for å selje billettar, men for musikkelskarar», sa konfransier Rune Nilson då han erklærte Pstereofestivalen for opent fredag. Dei store kommersielle namna på årets konsertplakat er få, likevel var det mange som lot seg begeistre av plakaten; nemleg musikkelskarane. Dei som ikkje har ipoden fylt med listetoppar, men som går djupare inn i materien for å finne den beste musikken.
Og det viser seg å vere ganske mange av dei, for Marinen vart fylt opp til randen av folk som set pris på meir ukommersiell musikk, og venene deira. Som ein tilfeldig forbipasserande sa det: «Jeg stikker og ser på Goat jeg! Vennene mine er ikke så interessert i musikk, så de sitter og drikker øl i gressbakken». Og slike vener var det mange av; øl på øl vart konsumert og promillen var i overkant høg hjå fleire av festivalens publikummarar.
Men slik vil det alltid vere. Nokon er der for musikken, andre for festen. Uansett kva gruppe ein høyrer inn under såg stemninga ut til å vere på topp. Veret var med oss sjølv i Trondheim, og med Motorpsycho som verdige finalistar vart Pstereofestivalen 2013 avslutta.
Ein fin festival for musikkelskarar, god Dahls for venene deira.