Publikum heva bandet

Då Yoga Fire gjesta Blæst på onsdag var det publikum som fekk bandet til å yte det lille ekstra.

Publisert Sist oppdatert

Yoga Fire er eit type band som eg har høyrt mykje om, lest mykje om og eg har sjølvsagt høyrt dei mest populære låtane deira. Dessutan veit eg at dei er kjend for energiske og gode liveshow. Likevel føltes bandet som eit litt uskreve blad for min del, difor gledde eg meg stort til bandet skulle spele på Blæst natt til 1. Mai.

Fakta

postBluesKollektivet tar for seg og spiller den gode rockemusikken, hver mandag fra 16-17. Følg oss på Facebook.

Oppvarminga var det Trondheimsbandet Short Skirts som sto for. Dei rei inn til tonane frå Bonanza og ga oss ein meisterleg framføring av rask og fengande garasjesurf-rock. Eg har nå sett bandet nokre gongar og bandet blir berre betre og betre. Dei har utvida reportoaret med nye låtar og dei ser ut som dei ikkje har gjort noko anna enn å stå på ei scene. På publikumssida var det glissent, då ikkje alle som skulle på Yoga Fire hadde dukka opp enda. Dei som var der laga til gjengjeld nok av liv, og gjorde oppvarminga til ein over gjennomsnittet god konsertopplevelse i seg sjølv. Noko som blei gjenspeila i utrop og lovord frå hovudbandet seinare på kvelden.

Etter nokre minutt med sceneskift sto Yoga Fire klar til å vise at gamle hiphoparar òg kan spele rock 'n' roll. Ingen intromusikk, berre rett inn i eit knallhardt riff, lyden skrudd opp til 11 i fin rocketradisjon. Bandet hadde ikkje klart å fylle opp salen, men dei oppmøtte var definitivt klar for det dei hadde i vente. Frå fyrste stund var publikum med. Syngande av full hals, hoppande og dansande.

Hyperenergisk publikum

Det fyrste som slo meg var at bandet ikkje var like rått som eg hadde forventa. Vokalist Benjamin Helstad sto i byrjinga litt i kontrast til resten av bandet. Samanlikna med dei harde opningsriffa verka Helstad ikkje rå nok, spesielt under dei litt kleine allsangdelane på dei fyrste låtane. I stedet for å høyres ut som eit bunnsolid liveband likna dei meir på Oslo Ess på ein dårleg dag. Det var før dei fanga opp energien til publikum.

For i motsetning til andre konsertar der publikum ofte byrjar litt passive og bandet gjev energi til salen var det heller omvendt denne kvelden. Publikum var frå fyrste stund hyperenergiske og heva bandet frå den litt kjedlege byrjinga til eit fembeint festmonster som elska det dei gjorde. Publikum kjende tydlegvis alle låtane, og deltok med hjertet på utsida av bringa under heile konserten. Svetta flaug av vokalist Helstad, som utover settet fann råskapen og det lille ekstra som mangla dei fyrste låtane.

Bandet spelte seg igjennom hittar som «Oslo Plaza», «Til Valhall» og «Slepp Jhonny Fri», før festen nådde klimaks med «Superkul med Kniv». Lovorda hagla frå bandet til publikum, som med sin stagediving, ølkasting, hopping og dansing fortjente alt Yoga Fire hadde å komme med. To gode sett og eit av dei ivrigaste publikumma eg har sett i Trondheim, gjorde kvelden til ein topp natt til 1. Mai fest.

Powered by Labrador CMS