
The National imponerte
Brooklyn-baserte The National kan nærmast verke som definisjonen på melankoli og depresjon, og eg må innrømme at eg var skeptisk til UKA sin avslutningskonsert i Dødens Dal. Men nokre gonger kan ein ta feil. Skammeleg feil.
Matt Berninger og resten av The National har gitt ut 6 studioalbum og éin EP sidan dei debuterte i 2001. Med andre ord er det eit stort reportoar å hente songar frå. «Don't make me read your mind» byrjar Berninger å syngje i I Should Live in Salt, og ein skulle nesten tru The National har gjort nettopp dette denne kvelden. Dei leverer gode songar som perler på ei snor, og publikum nikkar ivrig med frå start til slutt.
Eg pakkar fort bort fordommane mine, The National er langt frå så triste og grå som eg hadde trudd. Med eit fargesprakande lys- og videoshow, høgt tempo og ein vokalist som gir alt, blir kvelden alt anna enn keisam og monoton.
Vi får servert ei god blanding av gamle klassikarar som Bloodbuzz Ohio , Abel , Slow Show og Fake Empire , og låter frå det knapt halvt år gamle albumet Trouble Will Find Me , der I Need My Girl , Don’t Swallow the Cap og This Is The Last Time merker seg ut som favorittar. The National er flinke til å skifte mellom songar med ulikt tempo. Publikum vekslar mellom å stå som tente lys og å nikke og danse i takt med musikken. Det er lenge sidan eg har sett så mange blide menneske på same stad.
Berninger er ein mann av få ord. Mellom songane vel han heller å helle i seg vin enn å prate med publikum. Likevel er han langt frå ein innåtvendt og forsiktig type; mot slutten av konserten har eg mista tal på kor mange mikrofonstativ han har smadra i scenegolvet. No vert og dei to blåsarane introdusert av Berninger, som verkeleg gir lydbiletet eit spenstig løft og ein god heilskap.
Alt før The National rekk å gå av scena ropar publikum om meir. Berninger og band er raskt tilbake, og no er Berninger varm i trøya. Plutseleg forsvinn han frå scena igjen og er snart å finne vandrande gjennom publikum på veg til baren ved sida av scena. Kanskje blei det nok vin? Berninger står tilbake på scena med ei Dahls i handa og smadrar vinflaska si i golvet. Publikum jublar.
Kvelden blir avslutta med ein godfull Berninger som syng seg crowdsurfande gjennom publikum. Og eg er ein av fleire tusen fornøgde fjes i Dødens dal. Det skal likevel nemnast at volumet blei for høg midt i settet, men dette avtok heldigvis mot slutten.
Eg hadde trudd konserten skulle bli ei melankolsk suppe som passa det grå haustværet, men der tok eg grundig feil. The National er hardare, hurtigare og meir fargeglade enn eg hadde våga å håpe på og avsluttar UKA-13 på storarta vis.