
The Tallest Man on Earth bringa sommaren tilbake
Han fylte ikkje teltet, men ingenting kan bli for stort for den høgaste mannen i verda.
Teltet i Dødens dal er langt frå halvfullt då Kristian Matsson, betre kjent som The Tallest Man on Earth, entrar scena. Likevel møtest han av jubelrop og brakapplaus då han byrjar kvelden med King of Spain . Allsongen har allereie starta blant dei ivrigaste: Knappe to minutt inn i konserten blir ein mann pent bede av ein vakt om å klyve ned frå skuldra til kompisen. Trass tynne rekker i salen ser det ut til å bli ein god kveld.
Kjende og kjære songar som Love is all, 1904, I won't be found og The Gardner blir spela til stor begeistring. Matsson er ein beskjeden fyr og takkar publikum igjen og igjen: «Takk for at ni lyssnar, jag ska holda käften». Likevel sjarmerer han dei frammøtte med sitt intense blikk og karismatiske nærvær.
Det er berre Matsson med ein gitar, eller fleire gitarar (han byter stadig), som står framfor oss på scena under ei enkel lyssetting. Likevel er det meir enn nok. Matssons karakteriske, nasale vokal kan med full rett samanliknast med ein yngre Bob Dylan. Eit fortryllande fingerspel får sjølv dei barskaste karane rundt meg til å lukke auga og draume seg bort i Matssons lystige og bekymringsfrie verd.
I det publikum byrjar å bli litt for høglytte, blir scena bada i blått lys. Det blir klimpra i gitarstrenger og publikum byrjar å klappe i begeistring. Matsson syng sårt: «You’re just a riddle in the sky, oh where do my bluebird fly». Utvilsamt eit høgdepunkt for kvelden.
Mot slutten av konserten får einmannsbandet selskap av kona Amanda Hollingby Matsson. Det er tydeleg at dei to har god kjemi også her. Sukkersøt blir det og i salen, kanskje litt for klissete for nokon. Han ber pent om å få spele to songar til, med eit rungande «JA!» fra publikum. Tempoet blir skrudd opp og paret syng Graceland saman. Ute blæs haustvinden, men inne i teltet kan ein kjenne lukten av sommar og ei kjensle av lukke som spreier seg i heile kroppen.
Det er tydeleg at folk er her for å nyte musikken til Matsson, og det er eg glad for. Heller litt for god plass i salen enn brautande og skubbande studentar med litt for mykje øl innanbords. Kanskje hadde The Tallest Man on Earth gjort seg betre på ei meir intim scene. Men sjølv om han ikkje klara å fylle teltet i Dødens dal, fylte han til gjengjeld mange hjarte med varme og glede med sin upåklagelige vokal og gitarspel.