Ugyldig fråvêr

Etter ein kafékonsert kom tilbodet om platekontrakt. Psykologistudenten heiv seg på karusellen, og det førte til fire suksessrike år. Men då tredjeplata skulle lagast, stoppa det opp for Ingrid Olava.

Publisert Sist oppdatert

Frå 2007 til 2011 har tempoet vore høgt for Ingrid Olava Brænd Eriksen. Karrierekurva fekk ein brå opptur. Merksemda strøymde på, noko som for ikkje var like lett for den ny-etablerte artisten. Det som hadde vore ei stor glede, vart brått ei utfordring. Å ferdigstille det neste soloalbumet viste seg å vere ein utfordrande prosess som vara i heile tre år.

Fakta

Hvem er:

• Ingrid Olava Brænd Eriksen

• Fødd 18. Mars 1981

• Frå Lillehammer

• Har gitt ut tre soloplater

• Fekk spellemannspris for Årets kvinnelige artist 2011

• Aktuell med plata Summer House

– Jeg tok med meg alle råd og stemmer inn i skriverommet. Jeg fikk høye skuldre og ble veldig prestasjonsorientert, seier ho.

Musikken vart målt etter om den var bra eller dårlig. Parametera fylgde ho inn i den kreative prosessen. Det var ikkje dette ho ville ha i tankane når ho sette seg ned ved pianoet, plassen som heile livet hadde vore så upåverka og trygg.

– Den skriveprosessen, hvor man er så alene og trenger å ha kontakt med noe intuitivt og naturlig. Alt ble veldig vanskelig, seier ho.

Resultatet

No er plata endeleg ferdig og Ingrid Olava er for tida aktuell med albumet Summer House . Sjølv om tredjealbumet satt lenger inne ein dei to forrige, viser ho igjen kvalitet og fornying.

Uttrykket er annleis enn på dei førige albuma The Guest og Julie´s Wishes . Med ny produsent har låtane fått eit mindre akustisk preg. Synthesizerar og eksperimentering med vokalstemmer og klang pregar no lydbiletet i større grad.

Å gå frå det akustiske og mot det elektroniske er ikkje ein ukjend dramaturgi. Men då eg spør om ho no kjem til å fylgje dette eksempelet er svaret kontant.

– Nei. Jeg er redd for tidsmarkørar i musikken min. Synthene på plata er urgamle, og sånn sett er det umoderne, seier ho.

Om uttrykket er noko endra, er tema dei same.

– Det er kjærlighetssanger som vanlig det, og litt om døden og litt om havet. Klassikerne, seier ho.

Ho ler.

Ufrivillig standup

– Grunnen til at jeg vil holde på med musikk? Jeg vil bevege folk, sier ho.

Fredag stod ho på Byscena i Trondheim, den 15. byen på turnélista. Med sin personlege og følsame musikk ynskjer ho å treffe noko i publikum. På konsertar blir den melankolien avbrott av artige historier og kommentarar. Men den rutinerte artisten kan avsløre at den noko ufrivillige standupen mellom låtane er taktikk.

–Jeg bruker som triks å få folk til å le, og så kjører jeg inn noe kjempetrist etterpå. Da er de litt forsvarsløse. Det er veldig gøy, seier ho.

Da er de litt forsvarsløse. Det er veldig gøy. Kveldens konsert gler ho seg veldig til. Tilknytinga til Trondheim er stor, og publikummet her noko for seg sjølv. Ho skryt av at trøndarar er rutinerte konsertgjengarar og veit å sette pris på artistar. Dei inkluderande og ler mykje av ho.

Det ser altså ut til å bli ein kjenslelada kveld på Byscena.

Powered by Labrador CMS