Vakker stemme i basstung innpakning

The Fjords balsamerte øyra våre med seige og samstundes røffe tonar.

Publisert Sist oppdatert

Hei, The Fjords, dykk prinsar over både elektronika, alternativ- og indiepop. Berre ti minutt før konsertstart var det knappe tredve sjeler framføre Basstionen. Tanken på om dette skulle bli ein fiasko streifa, men Pstereopublikumet er trufaste. Området fyllte seg godt opp, og det vart tre behagelege kvarter.

Den trondheimsbaserte kvartetten, med gitarist Petter Vågan i spissen, imponerte på årets Trondheim Calling og blei i den anledning umiddelbart booka til Pstereo. Debutalbumet er venta på nyåret. Dette er fire gutar som verkeleg har noko å fare med, så den skiva gler me oss til.

Vågan entra scena som ein blyg halvgangster i svart hettegenser med hetta over hovudet. Han sto der klar med gitaren og fiolinbuen, og draumande breia både synth- og gitarlyd seg om oss. Dei fyrste slaga på trommene blei slått, og ein publikummar ved sida av meg brøyt ut: «Ah, så deilig!» Og det var det.

Vokalen kan skildrast som tidvis mektig. Bassen var ekstremt kul. Synthen og gitaren var svevande og seig. Dette er svært vakker musikk som gjorde godt for øyre og sjel klokka halv sju ein laurdagskveld. The Fjords klarte kanskje ikkje å trollbinde publikum gjennom heile konserten, for til tider blei det ein del forstyrrande prating, og tankar om at musikken kan vere ein smule forutsigbar og kjedelig, slo ein. Men jamnt over leverte The Fjords ein bra konsert.

Disse vil me høyre meir av.

Powered by Labrador CMS