
Vekas album: Angel Olsen - Burn Your Fire For No Witness
«Ei samling låtar dyrka gjennom eit år av hjartesorg, reise og transformasjon».
Kor skal eg byrje? Angel Olsen sin andre fullengder Burn Your Fire For No Witness tek no verda med storm. Eit øyre om gongen. Av dei nesten 30 publikasjonane som anydecentmusic.com har samla, ligg plata med eit snitt på utrulege 8.2 av 10. Og etter å ha hatt skiva på repeat dei siste to dagane må eg gjere akkurat det same, nemleg lovprise ho.
Burn Your Fire byrjar med det sartaste Olsen har å by på. "Unfucktheworld" er saman med låtar som "Dance Slow Decades", "Iota" og "Enemy" dei låtane der den vakre stemma hennar får utfolde seg. I "Lights Out" kjem ho med oppfordringa "If dont believe me, go ahead and laugh." Eg har ikkje tenkt å le, for eg trur på ho. Eg er sikker på at hadde ho fortalt meg at jorda var flat i den same teksta, hadde eg slukt det rått. For tekstane er ærlige, genuine og godt skrivne gjennom heile albumet.
Til tider høyrest tekstane ut som noko Hemingway kunne skrive under sine mest depressive periodar. Og som lyttarar sit vi der med hjartet i halsen, og leitar forgjeves etter ei hand å halde i, ei skulder å legge hovudet på, og etter nokon å elske. Vi ventar på nokon som kan geleide oss gjennom hjartesorg og "Unfucke" vår verd. Likevel mistar eg aldri kjensla av at det er eit ljos i enden av tunnellen. Det er til slutt Olsen sjølv som reddar oss frå mørket. «Just when you thought you would turn all your lights out, it shines».
Det byrjar sart, men det er ikkje berre vakre lo-fi-låter Angel Olsen har å by på. Ho leikar seg gjennom sjangrar som garage og indie for å lage eit gjennomført og leike album med mange høgdepunkt. Skiva, som forøvrig er utgjeve av labelen Jagjaguwar, har eit mangfald som gjer at albumet kjem til å gå sin sigergong rundt verda i år.
For det er ikkje berre dei vakre, rolege låtane på Burn Your Fire For No Witness som tek tak i deg. Dei fuzza, opp-og-hopp garage låtane som "Hi-Five", "High and Wild" og "Forgiven/Forgotten" held Angel Olsen trygt over det veldige havet av vakre stemmar som ligg der ute. For i motsetning til mange andre tørr Angel Olsen å utforske sine litt villare sider. Ho visar ein leikenheit og eventyrlyst som mange andre ikkje har, noko som gjer at ho blir ei klasse over dei fleste. Dessutan trur eg at mangfoldet vil gje nokre av årets beste festivalkonsertar, om ho bestemmer seg for å dra på sumarturne. Noko eg verkeleg håpar ho gjer.
Sjølv om låtene varierar mellom sjangrar, held tekstane seg i same lyriske landskap. Dei er like gjennomførte og innsiktsfulle gjennom heile albumet, og utanfor. For Angel Olsen sjølv har skildra Burn Your Fire For No Witness betre enn nokon andre, nemleg som «ei samling låter dyrka gjennom eit år av hjartesorg, reise og transformasjon».