
Vekas Album: Truckfighters - Universe
Enda eit album frå djupe svenske skogar som du ikkje klarar å slutte å lytte til.
Albumet Universe av svenske Truckfighters blei slept den 24. Januar, eg har ikkje har skreve noko om ho tidlegare av den enkle grunn at eg venta på å få plata i posten. Skikkeleg fuzzrock er nemleg noko som gjer seg best med høgt volum på fysisk format.
Sjølv om skiva ikkje når høgdane til Gravity X frå 2005 eller Mania frå 2009, er dette likevel ei plate som er verdig ein anbefaling som vekas album. For dei som er kjend med bandet, veit at dei spel ein eiga blanding av ørken- og stonerrock med mykje fuzz, samt litt psykedeliske effekter og eigentleg alt anna som kan passe. Dette fortsett dei med på deira nye album, og sjølv om Universe høyres litt meir polert og gjennomarbeida ut, levarar plata fuzz og sterke riff som kunne vore henta rett frå aggregatfest for 20 år sidan i Palm Desert.
Frå fyrste låta "Mind Control" legg dei lista høgt. Den byrjar med 28 sekund med dårlig lyd, som om den kom frå dårlege høytalerar. Sannsynlegvis i honør til Queens of the Stone Age sin udødelege klassiker Songs for the Deaf frå 2002 som byrjar på ein liknande måte. Så eksploderar låta inn i Niklas "Dango" Källgren sitt utrulege gitarspel og riffing. Fyrste gongen eg sette på skiva hoppa eg rett ut av stolen og byrja å knuse ting.
Albumet fortsett med The Chairman, deira EP som var slept i fjor. Deretter inn i dei to neste låtane "Convention" og "Get Lifted", låtar som visar kor dyktig vokalist Oskar "Ozo" Cedermalm har vorte. "Get Lifted" er den mest psykedeliske låta på skiva, og verkar som eit godt brot mellom den korte og intense "Convention" og den ultrafengjande "Prophet" som har vore b-lista hjå Radio Revolt.
Låta er tilgjengeleg og fengande, den tek tak eit sted bak navlen og drar deg med inn i ei verd av luftgitar, djupe svenske skogar og menn som slåss med lastebilar. Eit kutt som ein del meir konservative fans vil sjå på med bitterheit. Låta som oppsummerar alt som er galt med plata, for dei er det nok mange av. Den type fans som skrik etter utvikling, men når den fyrst kjem så er det ikkje bra nok eller på ein annan måte ikkje møtar deira latterlege forventningar.
Skiva avsluttast i det melodiøse hjørnet. "Dream Sale" med sine beinharde trommar servert av Andre "Poncho" Kvarnström og flotte vokalharmoniar. Den nesten 14 minuttar lange "Mastodont" avsluttar Universe på ei storslått måte. Låtas episke tendensar får oss raskt til å tenke på bandet med same namn; Mastodon. Som på deira album Crack the Skye har Truckfighters bygd momentum heilt opp til siste låta. På den tredjedelen av plata som siste låta varar byggar dei opp eit klimaks som når låta er ferdig gjev oss intet anna valg enn å snu skiva og høyre ho enda ein gong.
For det er den type plate. Ei plate som, når du fyrst har gjeve ho ei sjanse, kjem til å lytte til gong på gong.