
Androgyn kunst frå Statane
«Eg trur me har noko stort i vente» sa eg til vennina mi då me venta på Ariel Pink på Brukbar/Blæst tysdagskveld.
Det fekk eg delvis rett i. Me ankom i det oppvarmingsbandet nærma seg slutten. I merchandise-boden kunne ein rar liten skikkelse skimtast. Det var ikkje før halvvegs inn på toalettet eg innsåg at det var han sjølv, Ariel Pink, som stod der. Nesten uverkeleg jordnær og jovial.
Heilt frå Los Angeles
Kvifor fekk ikkje dette arrangementet meir merksemd? Kvifor blei det ikkje lagt til ein fredags eller laurdagskveld? Sjølvsagt, fyren og bandet hans, Ariel Pink’s Haunted Graffiti, kom jo heilt frå Los Angeles. Me skal vere glade for at vetle Trondheim blei via speletid i det heile. Og alle burde vore på Brukbar/Blæst denne elles gråe novemberkvelden.
Det starta bang med «White Freckles» frå hans siste album Pom Pom som kom i fjor haust. Kaos, mani og litt luftgitar regjerte frå fyrste stund. Det glei fint over i mørke, nesten gotiske «Four Shadows» slik det og gjer på albumet. Den bassen kan endo kjennast i ryggmargen.
Fascinerande åsyn
Han med bassen ja, med steinansikt og kinnbein av ei anna verd. Han gjorde lite ut av seg, men var likevel så utruleg fascinerande å iaktta. Det var i det heile veldig mykje å kvile auga på på scena. Åtte mennesker var dei på det meste. Gitaristen, ein meget dyktig sådan, levde seg heilt inn i augneblinken, var likevel på merkelig vis så anonym der han stod klint inntil sceneslutt på høgre side.
Konserten var tilfredsstillande på så mange måtar, både auditivt og visuelt. Kleda dei hadde på seg krev eit avsnitt for seg sjølv. Bassisten køyrde ein litt classy stil i for store bukser med høgt liv og høghalsa pusegenser. Hovudpersonen sjølv bar ein raud buksedress med naglebelte i livet og eit rosa skjørt over. Keyboardisten gjekk for ei dressjakke med gullfarga brokademønster, medan trommisen velde cowboyhatt og bikini.
Ein anna slags agenda
Dei påtok seg likevel ikkje nokre feminine roller, dette var berre kleda dei bar. Ariel Pink verka heller ikkje som typen som nødvendigvis skal tene mykje pengar på det han driv med. Han har ein anna agenda, det er det kunsteriske med musikken som skal fram. Difor var settet heller ikkje typisk bygd opp med underhaldande variasjon av rolige og upbeat låter. Det blei utruleg nok litt kjedelig innimellom.
Men me fekk servert nydelige «Only In My Dreams» og «Baby» frå 2012-albumet Mature Themes. Då kunne eg gå lukkeleg heim. Forbi trommisen som hadde stilt seg i baren, framleis iført bikini.