Atypisk vert typisk

Netflix sin nye serie Atypical er ein typisk oppvekstsserie om ein utypisk tenåringsgut.

Publisert Sist oppdatert

Sam (Keir Gilchrist) er 18 år gamal og autist. Han ønskjer, som ungdom flest, å passe inn og vere normal. I den anledning prøver han å få seg ein kjærast. Dette er vanskeleg for mora, som ikkje ønskjer forandringar som kan trigge anfall hos Sam. Ho motsett seg mykje av de uunngåelege opplevingane som Sam treng for å bli vaksen.

Når ein tek på seg oppgåva å skrive eit ungdoms­drama om autisme, fører det med seg nokre forventningar til realistiske skildringar. Dette veit serieskaparane, som har gjort ein formidabel innsats med å snakke med autistisk ungdom og eksperter på fag­feltet. Det kan ein blant anna sjå i terapitimane til Sam og familiegruppen foreldra går til. Men det er ikkje godt nok. Hovudinntrykket er at manus­forfattarane ønskjer å «avmytifisere» autisme, men eg sit igjen med inntrykket at mange av stereotypane derimot blir bekrefta.

Det må seiast at underteiknande ikkje har personleg erfaring med autismespekteret, men i mine auge verker skildringane av Sam inkonsekvente. I det eine augeblikket kan han ha velformulerte samtaler med sin terapeut, og i ei anna scene går han rundt og skrik skjellsord til ukjente. Det gjer at eg stiller spørsmål ved truverdigheita til karakteren. Det som overraska meg mest var at sjølv om Sam er hovudpersonen i serien, får dei andre i familien nesten like mykje skjermtid. Dette er seriens sterke side. Det gir oss mogelegheit til å bli kjend med dei og deira historie. I staden for å bli for oppslukt i Sam får vi sjå korleis hans diagnose påverkar heile familien og dei vala dei gjer. På den måten opnar serien opp for fleire gode skildringar av liv med autisme.

Eit viktig bodskap i serien er at alle er litt atypiske til tider. Ein treng ikkje å ha ein diagnose for å verke unormal eller ta irrasjonelle beslutningar. Spesielt mora Elsa (Jennifer Jason Leigh) og venninna Paige (Jenna Boyd) er karakterar som viser dette godt.

Etter fem episoder sit eg igjen med inntrykket at Atypical tek litt for lett på det vanskelege temaet dei har valt å skrive om. Serien fungerer og er under­haldande, men blir for ofte usamanhengande og overfladisk. Men det er eit viktig bidrag til korleis ein skal portrettere autistar på lerretet.

Journalisten har sett fem av åtte episoder i første sesong.

Powered by Labrador CMS