Nedstrippa og ømt

Ingeborg Oktober gav eit roleg pusterom på ein elles travel festival.

Publisert Sist oppdatert

Det var duka for den siste kvelden av Trondheim Calling 2015. Festivalen som mellom anna feirar ny musikk og ser framover, som freistar å styrke eigen musikkregion og samstundes samarbeide med resten av musikk-Noreg.

På Dokkhuset laurdag klokka 22 var turen kome til Ingeborg Schistad Edvardsen. Ho går under scenenamnet Ingeborg Oktober og er ein nordlending som har rukke så mangt i sitt 20 år unge liv. Ho har skrive eigen musikk og spelt rundt i Nord-Noreg sidan 15-års alderen. Trænafestivalen har skildra ho som «det største frå Hamarøy sidan Hamsun». Debutalbumet hennar Hjerteræk blei sluppe i oktober i fjor. I går entra ho scena med band, med blant anna Kråkesølvs Fredrik William Olsen på gitar.

Den forsiktige låta «Om» breia seg i lokalet og den sarte stemma til Edvardsen gav seg til kjenne. Sart ja, men ho hadde stålkontroll. Dette var så rolig og vakkert at ein ikkje hadde sett makan under heile festivalen. Dette var konserten å ta kjerasten med på. Mange gjorde nok nettopp det, for fleire hender og lepper fann kvarandre i løpet av den neste halvtimen.

Jenta på scena var tydeleg nervøs med klein småprat mellom låtene. Dette heilt utan grunn, for den nemnde kontrollen heldt seg gjennom heile konserten. Sjangermessig har Trondheim Calling skildra ho i eit krysningspunkt mellom visesong, folk og pop. Dei ømme og sarte låtene kom som perler på snor.

Den typiske laurdagsstemninga blei teke ned ein del hakk med Ingeborg Oktober. Det næraste ein kom ei upbeat låt var «Førsøvelse» med sitt popa keyboard. Elles var det rom for å vugge roleg med på taktene, nippe til øla si og nyte at tida kunne gå litt saktare. Nettopp det gjorde me til Ingeborg Oktober.

Powered by Labrador CMS