
Skuffande historieskriving av J. K. Rowling
Til tross for gode skodespelarpresentasjonar og velfungerande spesialeffektar, imponerer ikkje Fabeldyr: Grindelwalds forbrytelser.
Der den første fabeldyr-filmen var eit nostalgisk gjensyn med eit magisk og fantastisk sjarmerande univers, kjennast denne meir som ei rotete oppbygging til ein langvarig krig.
Som i den første fabeldyr-filmen følger vi Salamander Fisle (Eddie Redmayne) og venane hans i kampen mot den mektige trollmannen Gellert Grindelwald (Johnny Depp). Filmen startar med at Grindelwald rømmer tilbake til Europa for å fortsette sine planar om magisk overherredøme over dei ikkje-magiske. Handlinga finn sted i London, Paris og Galtvort, utan at stedslokasjonen gir noko særleg til historiefortellinga.
I Grindelwalds forbrytelser møter vi eit stort nytt karakterregister, utan at vi blir godt introdusert med alle. I første halvdel av filmen hoppar vi mellom tilsynelatande parallelle historier, der det til tider er uforståeleg kvifor karakterane handlar som dei gjer. Når det skortar på oppbygging følast handlinga tvungen, og ein føler ikkje at karakterane greier å tenkje sjølv og vere føre var, men blir drive vidare som spelebrikkar av den overordna historia. Det er J. K. Rowling som står for skrivinga, og det er klart at ho er mykje betre til å skrive i romanform enn i filmformatet.
Filmen skal ha for eit godt oppbygd og gjennomført klimaks. Sjølv så skeptisk ein har følt seg fram til nå kan ein ikkje la vere å leve seg inn i spenninga. Johnny Depp fungerer tidvis godt som ein kompleks skurk, og han viser for alvor Grindelwalds mektige manipulasjonsevnar. Spesialeffektane fungerer også godt og overbevisande.
Min største irritasjon er korleis filmen nokre gongar frir til fansen ved å oppfylle fanteoriar, og ved å prøve å knytte fleire detaljar frå Harry Potter-fortellinga inn. Historier blir generelt ikkje betre av fanfrieri, faktisk er det ofte med på å simplifisere, forminske og undergrave det universet ein allereie har skapt. Det er spesielt ei viktig vending i denne filmen som, sett opp mot den tidlegare Harry Potter-fortellinga, blir ulogisk og nesten umogeleg.
Alt i alt sitt eg igjen med eit ambivalent forhold til heile den nye fabeldyr og Grindelwald-fortellinga. Ein er heile tida redd for korleis dei nye filmane skal vatne ut universet dei byggar på, samtidig som ein fell for nostalgien og vil sjå meir av dei elskverdige karakterane og den fantastiske magien. Men etter å ha sett korleis historia skortar i denne filmen er frykta stadig større for korleis det skal gå framover i heile tre filmar til.