«Vi spiller rock!»

1967 ringde i form av Death By Unga Bunga og bydde på sine garasjerock-tenester.

Publisert Sist oppdatert

April, vår i lufta, og god stemning i utgongspunktet. Fem unge menn frå Moss entra scena på Klubben og stemninga steig ytterligare. «Vi er Death By Unga Bunga og vi spiller rock!» erklærte vokalist Sebastian U. Olsen før dei drog i gong hiten «Stare At The Sun». Allereie der, berre nokre få låter ut i settet, gjekk Olsen ned frå scena og begynte å vandre mellom publikum, og ut frå lokalet ein liten augneblink. Bandet forsatte å servere fabelaktig garasjemusikk, og Olsen kom fort tilbake. Låta gjennomførte han på golvet blant eit begeistra publikum i kjent Death By Unga Bunga-stil.

Draumen om å vere ungdom på 60-talet kan ikkje bli meir verkeleg enn saman med Death by Unga Bunga. Dei perfeksjonerer surfrocklydbildet så til dei grader, og det låter så autentisk gammalt at det er ein fryd. Verdas verkelegheit anno 2016 forsvant denne herlige og sveitte timen, og me var alle ca. 25 år i 1967.

Me fekk gleda av å høyre dei fleste låtene frå sisteplata, Pineapple Pizza, som blei sluppe i februar. Spekteret av tema er breidt, frå den låta som handlar som dei dagane du skulle ønske du var dau, til singelen «Lady Fondue», som handlar om å sleike fitte. Ingen kan skulde Olsen for å li av sjenanse, dei grafiske skildringane sit laust og ingenting blir lagt imellom.

Det vetle vinket som trommisen gjorde til bassisten før smakebeten av Abba sin «Does Your Mother Know», såg i utgongspunktet ut til å vere i eit musikkteknisk ærend. I staden for delte dei eit deilig lite kyss. Death By Unga Bunga er mykje romance generelt og rause mengder bromance spesielt. Det blei mange fleire slike under «I Don’t Wanna Miss A Thing»-seansen før dei diverre måtte tre av. Det verka genuint kjipt for dei å vere ferdig med konserten, og det var kjipt for publikum òg. Me var her vitne til eit av Norges beste live-band, og eg håpar for vår del at det ikkje blir altfor lenge til neste gong.

Powered by Labrador CMS