Dragvoll: Dansk design av høgaste kvalitet
Sidan 1978 har studentar levd i «Gata» på Dragvoll. I 2028 skal campusen leggjast ned. Kva går tapt når eitt bygg vert bytt ut med eit anna?
– Eg kan taka dykk med på ein runde som viser korleis kvardagen min var då eg skreiv masteroppgåve, seier Siri Elisabeth Torp Jansen.
Ho fullførte graden i kulturminneforvalting i vår og er student på Dragvoll på sjette året.
– Me var ein gjeng som las i lag på lesesalen og ofte tok felles pausar. Då enda me gjerne opp med å gå rundar rundt, og det er so mange ulike ruter ein kan gå her. Me gjekk ned i kjellaren, opp i etasjane og rundt bygget. Ein har all denne plassen å boltra seg på.
Alle rutene gjev ho fleire alternativ frå A til B.
– Eg er ikkje alltid like pratsam, og då er det greitt å ha snarvegar. Nokre gongar er den raskaste vegen ut av bygget og inn ein annan inngang. Då får eg frisk luft samstundes som eg går ei rute der ikkje so mange andre går.
– Ein ser kvarandre
Eitt av trekka som særpregar Dragvoll, er den sokalla «Gata», den glasoverbygde gangen som knyter grunnplanet på campusen i hop. Jansen fortel at det ikkje berre er ei ferdsleåre.
– På kvar side av Gata har ein førelesingssalar. Mellom salane og Gata har me sonar med bord og stolar der ein kan sitja og arbeida. Eg brukar dei fyrst og fremst når eg ventar på førelesing, eller so treff eg vener når eg går forbi her.
Det legg til rette for å møta andre i kvardagen, meiner Jansen.
– Om ein set seg her om morgonen, so er det alltid nokon ein kjenner som går forbi, som ein vinkar og seier hei til. Det legg til rette for at ein ser kvarandre.
Tørrskodde i trøndervêr
Det er ikkje utan grunn at ein kallar denne åra nettopp for Gata.
– Konseptet var at alle, både studentar og førelesarar, skulle kunna møtast i Gata. Og dei skulle kunna gå tørrskodde i alle slags klede i trøndervêret.
Det seier idé- og lærdomshistorikar Mattias Bäckström ved Institutt for historiske fag på Dragvoll.
– Gata er multifunksjonell. Ho fungerer både som møteplass og som foajé for auditoria.
Oxfordske dimensjonar
Visjonen om ei innandørs gate har vore vellukka på Dragvoll.
– Ein student ytra seg i 1980, rett etter opninga av Dragvoll, og sa at «Gata her er som Nordre gate», seier Bäckström.
Sosiale rom, dei som er for alle, ligg mot Gata. Dei aller mest offentlege romma ligg i kryssa, der trafikken er størst. Høgare oppe i etasjane ligg kontor, seminarrom og andre rom med mindre sosiale funksjonar.
– Det er sjølve modellen for Dragvoll, som er direkte inspirert av kvartalstrukturen i byar. Dimensjonane her er henta frå Oxford.
Jansen er einig i at utforminga til Dragvoll pregar miljøet, og at ho lagar eit sosialt rom.
– Det opnar bygget. Ein kan sjå kjende fjes. Ein kan finna kvarandre, gå bort til kvarandre og setja seg ned og prata. Samtidig er det heilt greitt å berre seia hei og gå vidare, fordi Gata er jo fyrst og fremst ei ferdsleåre.
Danskar i periferien
Den danske arkitekten Henning Larsen vann arkitektkonkurransen om universitetssenteret på Dragvoll i 1969 og byrja prosjekteringa frå Danmark.
– Han var i ferd med å verta ein kjend arkitekt den gongen, men i 1973 kravde Statsbygg at han skulle opna eit kontor i Trondheim for å utvikla fagmiljøet her.
Det seier arkitekt Per Knudsen, som fekk oppdraget med å leia den nye avdelinga.
Djerve kontrastar
Bäckström seier at Dragvoll vart godt motteke av arkitektane og arkitekturkritikarane i si tid, både i Noreg og internasjonalt.
– Det fekk mellom anna Houens fonds diplom, som er den fremste prisen innanfor arkitektur i Noreg.
Det var tydelege kvalitetar som vart vektlagde av dei som verdsette bygget.
– På sidene av den lange gata finst ein sirkulær dynamikk. Ein ser det varme flisgolvet, dansk design av høgaste kvalitet, som vert plukka opp av trappetårna.
Bäckström ser djerve kontrastar i materialpaletten.
– So har ein glas og metall i taket som vert plukka opp og ført ned av heistårna. Det er eit fint rom, dette her.
Bäckström trekkjer fram korleis ljoset kjem inn på ulike vis gjennom glastaket.
– Om vinteren, når glaset er snødekt, plar eg seia at det er som å gå under ein granskog med snøtak.
Heile verda til Dragvoll
– Eg vart jo som ein guide på slutten av 80-talet. Det kom studentar frå Japan og Brasil, heile verda. Eg hugsar eit par indiske jenter som kom, og eg kunne ikkje fatta korleis dei hadde høyrt om Dragvoll, seier Knudsen.
Studentane var stort sett komande arkitektar som ville sjå denne radikale campusen med eigne augo.
– Før bilen kom, hadde ein i enkelte europeiske byar glasoverbygde handelsgater som ein kalla galleri eller arkadar. Dette var nokre av dei mest fasjonable gongestrøka ein kunne finna. Dragvoll var ei slags gjenoppdaging av dette forgjengarmiljøet, og det fascinerte heile verda, seier Knudsen.
Dei fyrste vårblomane
Uteområdet har vorte ein essensiell del av studiekvardagen til Jansen og venene hennar. Det gjev plass til alle dragvollingar, men det er kamp om dei beste plassane.
– I dei varmaste solveggane, der dei fyrste blomane kjem om våren, er det ofte oppteke.
Dragvoll er ein campus omgjeven av natur, seier Jansen. Den naturen brukar ho saman med medstudentar.
– Me vandrar rundt på uteområdet, eller rundt heile campusbygninga, for å røra på oss og få litt frisk luft.
I eksamensperioden på våren krasjar ofte det finaste vêret med den mest hektiske studietida.
– Det er jo typisk i mai det er mest sol. Då kan me sitja ute og lesa til eksamen.
Eller so set dei seg ut berre for å sola seg.
– Me sit ofte ute på plenen på solskinsdagar, både i korte pausar og for å eta lunsj. Uteområdet er ein del av campusen.
– Det regnar ikkje inne på Dragvoll
Onde tunger vil ha det til at det regnar inne på Dragvoll, men Knudsen er ikkje einig.
– Det regnar ikkje inne på Dragvoll, fordi Gata er ikkje inne, det er ei gate. Det var aldri meininga at det skulle vera tørt i Gata. Alle gater har avlaup, og det gjeld Gata på Dragvoll òg, seier Knudsen.
Det var Statsbygg si frykt for korleis dei sjølv skulle oppfattast som forma avgjerdene.
– Me fekk ikkje lov til å ha meir enn fem grader i Gata då vêret var på det kaldaste, fordi det ville oppfattast som eit luksusprosjekt.
Knudsen meiner at jordkloden ikkje har råd til at me alltid skal ha eit oppvarma inneklima.
– Det er det nye, moderne oljesamfunnet som vil ha det heitt overalt heile tida. Folk kan taka på seg genser.
Skuggar over Gløshaugen
Jansen har sjølv prøvd ut fleire campusar i byen, men ingen av dei er som Dragvoll.
– På Gløshaugen er bygningane so høge og kastar skuggar over heile campusen.
Jansen trur ikkje at ho og medstudentane ville ha trivest med å gå dei same pauserundane ute på Gløshaugen som på Dragvoll.
– Her på Dragvoll kan me alltid finna oss ein stad i sola. Her kjem til og med sola inn gjennom taket.
Andre normer
Jansen har oppdaga at Dragvoll har ein unik lesesalkultur som ein ikkje finn elles i byen.
– Eg har ikkje vore på alle biblioteka til NTNU, men eg har vore på fleire, og der har eg kjend på at eg er nøydd til å vera forsiktig og stille. Her er det kultur for å jobba og snakka i lag på biblioteket.
Det er altso eit litt anna sett med normer.
– So har me sjølvsagt stillesonar i tillegg, men dei har eg aldri vore nokon stor tilhengjar av.
Eit stort tap
Jansen er redd for at den nye campusen ikkje har nok plass til denne særprega kulturen.
– Om me ikkje får plass til å sitja eller gå rundt, eller det er vanskeleg å få grupperom fordi dei er fullbooka, so er det ein fare for at studentane på humsam-bygget vil få ein heilt annan studiekvardag.
Ho håpar likevel at kulturen vert med til Gløshaugen i campussamlinga.
– Dragvoll er jo veldig svært, men eg tenkjer ikkje at det er for svært for den studentmassen som er her. Det vert eit stort tap om ein pressar for mange studentar inn i eit for lite bygg.