BRANNFARLEG: Det brenn hos studentane og fleire er dårlege på brannvern.

Dårlege brannrutinar hos studentar

Studentar er notorisk dårlege på brannsikring. Me bur tettpakka, blokkerer rømmingsvegar med diverse ræl og varmar pizza halvvegs bevisstløyse midt på natta. Kva er risikoen, og kva burde me gjere annleis?

Publisert

I november i fjor tok det fyr på loftet i eit av dei gamle trehusa på Møllenberg. Dette er ein bydel prega av både mange studentar og eldre bygg som står tett i tett. Studentane Ida Christiansen og Synne Heggelund, som bur i nærområdet, har vore litt ekstra nøye i etterkant av hendinga.

– Me har tenkt litt meir på brannsikring i etterkant av brannen Det er veldig tett med hus her på Møllenberg, seier Christiansen. 

VORE UTE EI VINTERNATT FØR: Romkameratane på Møllenberg har hatt brannvesenet på besøk før.

Heggelund påpeikar at dei har vorte meir observante på kvar naudutgangane i huset er og kva dei skal gjere i tilfelle brann. Finansstudentane har tidlegare erfaring med at brannvesenet har mått rykt ut til kollektivet deira på grunn av matlaging ved komfyren.

– Det var ein som brann bacon, og då gjekk brannalarmen i heile bygget, fortel Christiansen.

Jentene påpeikar at det ikkje var dei som utløyste alarmen, og dei har difor ikkje kjent behov for å endra rutinane.

– Eg gjer ikkje noko annleis no enn tidlegare. Eg føler at me har gode rutinar, seier Heggelund.

Jentene kan likevel fortelja om at dei har slutta å lada elektronikk om natta etter at naboen sin elsparkesykkel tok fyr tidlegare på hausten.

– Eg slutta nesten med ein gong. Det er sopass gamle bygg her, seier Heggelund. 

Brannvesenet melder

Dei vanlegaste årsakene til brann ihus er knyta til lading av elektronisk utstyr og matlaging. Av dei over 60 000 branntilfella i Noreg sidan 2016, var over halvparten forårsaka av desse.

Branningeniør Oddmund Leikvoll fortel at komfyrulukker er spesielt vanleg blant studentar.

– Tørrkoking er spesielt ille; om ein kokar poseris og vatnet fordampar vekk, kan det lett ta fyr, utgreier Leikvoll.

Om det fyrst oppstår brann er det viktig å ha gode brannrutinar. Leikvoll påpeikar at det er viktig å sikra frie rømningsvegar, noko studentar er spesielt dårlege på.

TIPS: Branningeniør Oddmund Leikvoll (i midten) meiner at røykvarslar er prioritet nummer éin når det gjeld god brannsikring. Branningeniørstudentane Morten Ydstie og Johannes Knævelsrud Pettersen meiner at det kan vera lurt å sjekka branntips.no.

– Studentar har lite plass og blokkerar ofta rømmingsvegar med diverse jakker og andre klede, fortel han.

Inne i leilegheita er det leigetakar som har ansvar at rømningsvegane er frie og kan nyttast ved brann. Utleigar har på si side ansvar for at bygningen har lovlege og fungerande rømningsvegar, og at desse er forsvarleg vedlikehaldne.

Ansvaret er delt, men tryggleiken føreset at begge partar tek sitt ansvar.

– Det kan vera lurt å ha overblikk over rømmingsvegar, men nokre av desse, som vindauget i andre etasje, burde ikkje testast i fredstid, seier Leikvoll med eit glimt i auga.

Studentene fra brann- og redningsskolen Morten Ydstie og Johannes Knævelsrud Pettersen meiner at røykvarslar er spesielt viktig for å redusera risiko om det oppstår brann. 

Dei fortel at om røykvarslar ikkje er på plass, er det utleigar sitt ansvar, men at studentar kan sjå på røykvarsel og produksjonsår for å sjekke om alt er på plass.

Det er òg viktig at ein tek slokningsapparatet med utandørs og snur det ein gong i kvartalet for å hindra at pulveret klumpar seg.

– Om sikringa ikkje er tilstrekkeleg, lyt ein snakka med utleigar, seier Ydstie.

Det er ikkje alltid sikkert at utleigarar er lette å få tak i. Pettersen føreslår at ein kan kjøpa røykvarslar og så få utleigar til å betala for han i etterkant.

Ynskjer å vera ei motpol

Leiar for teknisk avdeling i Sit, PaulErik Normann, fortel at bygga og demografien i Trondheim gjer at brannsikring kan vera spesielt viktig.

MOTPOL: Leiar for teknisk avdeling i Sit, Paul-Erik Normann, fortel at Sit ynskjer å vera ein motpol som profesjonell utleigar.

– Me er den nest største studentbyen i Noreg, og me har mange gamle bygg og bygardar. Så dette fører jo til at ein må teke meir omsyn, fortel Normann.

Hjå Sit sine bustadar har dei jamne brannsjekkar utført av uavhengige kontrollørar, som føregår månadleg til vekentleg, basert på kva bygg det er. Nokre bygg har nemleg høgre krav, til dømes gamle bygg og bustadblokkar.

– Sit har ei heilskapleg brannsikring der me går over lovkrava. På den andre sida dekkjer me under 20 prosent av busetjingane til studentar, seier Normann.

Han meiner at kommunen og samskipnadar bør setja ein høg standard når det gjeld sikringsnivå. Ifølgje Normann burde private utleigarar ha større fokus på brannsikring.

– Me ynskjer å vera ein motpol, anten det er på pris eller kvalitet, som ein profesjonell utleigar. Me føler på eit samfunnsansvar, fortel Normann.

Han påpeikar at brannsikringa er betre i dag enn den var for 20 år sidan, men at den framleis kan verte betre mange stadar.

Ein kan mista livet

– Konsekvensane av dårleg brannvern kan vera forferdelege. Du kan mista livet. Om det skjer ein brann og du ikkje har ein rømmingsveg, så døyr du, rett og slett, fortel leiaren.

Det er i kva grad små utleigarar oppnår krava Normann er mest bekymra for. Han meiner at nokre utleigarar kanskje tenkjer meir på profitt enn på sikring. Då er det viktig at det vert varsla om dårleg brannsikring.

– Me er glade når studentar varslar om dårleg brannsikring, men det er ofte foreldra som tek ansvar, seier Normann, som sjølv har ungar som er studentar.

Normann seier at alle dei gamle bygga og bygardane i Trondheim gjer at ein må ta meir omsyn og presiserer at ein lyt gjere ekstra nøgd no rundt vintermånadane, når det brenn mest.

– Studentane er også viktige pådrivarar i kva avgjerder som vert tekne, både innad i samskipnadar, men også politisk, seier han.

Studentar i dag er meir kvalitetsbevisst

Sit sine brannvettreglar

  1. Sjekk røykvarslarane – er dei meir enn ti år gamle, må dei bytast.

  2. Sjekk at du har minst eitt godkjent brannsløkkingsapparat.

  3. Sjekk at rømmingsvegane dine ikkje er blokkert og at du kjem deg enkelt ut. 

  4. Sjekk at bustaden er godkjend og «lovleg» å leiga ut.

  5. Gjer deg kjend med brannsikringsrutinane og informasjonen med utleigar.

  6. Gjer deg kjend med kva du sjølv bør gjera og kan krevja i utleigebustaden.

  7. Ta opp avvik og manglar med utleigar. 

  8. Ta vare på kvarandre. Om ein er på besøk hos ein ven og merkar at ting ikkje er på plass: meld avvik.

  9. Det er kult med led-lys, og det er òg mindre brannfarleg. 

  10. Ikkje lad elektronikk om natta.

Røykvarslarar varslar til Sit sine kontor om noko skjer, anten det oppstår røyk, blir veldig høg temperatur eller om nokon prøver å skru dei ut.

– Studentar i dag er kanskje meir kvalitetsbevisste. Dei ser etter om ting er på plass, meiner teknisk rådgjevar i Sit Terje Werner Johansen.

Johansen meiner det heilt klart er utleigaren som har ansvar, men at studentane er pådrivarar for å få på plass endringar. Han kjem med eit tydeleg råd.

– Å ta ut støpselet til mobilen når du søv er ein god vane, konstaterer Johansen.

Kanskje det er noko ein bør tenkja over

Studentane vedgår at dei ikkje er særs gode på brannsikringsrutinar, som for eksempel å sjekka røykvarslaren, ei heller å vita kva som er forventa i leigeforholdet at dei følgjer opp.

– Me har éi i kollektivet som har lese seg opp på brannsikring, og me tenkjer det held med ho, seier Heggelund lattermildt.

Førre gong brannvesenet rykte ut hjå dei, var det utleigaren som vart ringt etter automatisk varsling, utan å nå gjennom til studentane i kollektivet. Dette har endra seg i ettertid.

– No ringjer brannvesenet direkte til oss om det skulle hendt noko, fortel Christiansen.

Sjølv om jentene har hatt brannvesenet på besøk og ikkje bur longt frå området som brann i november, er dei ikkje meir bekymra for ein eventuell brann.

– Eg føler at brannvesenet er sopass flinke til å rykka ut kjapt, men kanskje det er noko ein bør tenkja over, reflekterer Heggelund.

Ho påpeikar at det ikkje akkurat er veldig kjekt å mista bustaden sin om det brenn og brannen spreiast frå nabohuset.

Powered by Labrador CMS