Dragvollfaga og den seriøse debatten
Debatten om dragvollfaga har vore plaga av misoppfatningar, meiner innleggsforfattaren.
Tekst: Per Esben Svelstad, Linn Blumenthal
Dei siste par vekene har ordskiftet rasa i både Under Dusken og andre media om kvaliteten på undervisninga og vurderingsformene innanfor humaniora ved NTNU. Stian Hansen skal ha ros for å ha starta ein debatt om noko alle studentar og tilsette ved NTNU burde vera opptekne av: utdanningskvalitet.
Diverre ser det ut til at ordskiftet frå fyrste stund har vore plaga av ein del misoppfatningar. Hansen uroar seg for at studentar på filmvitskap blir førde bak ljoset dersom dei trur det blir lett å finna arbeid med ein grad frå IKM. Viss denne kritikken kan føra til noko positivt, bør det vera å gjera studentar medvitne på nett det Hansen impliserer: Ein grad frå HF er ikkje ei profesjonsutdanning, men krev at uteksaminerte studentar sjølve må formulera kva for kompetanse dei har og kva for jobbar dei er kvalifiserte til. Dette momentet har samstundes å gjera med eigenarten til humanistiske fag, som krev eigenskapar som kritisk tenking og evne til å sjå ulike disiplinar i samanheng – altså mykje meir enn å berre gjeva att innlærd fagstoff. Sjølvsagt kunne IKM, og HF, vore klårare på desse elementa ved faga deira, men samstundes er dette eit faktum studentar ved eit universitet – som er noko heilt anna enn ein skule – ideelt sett bør vera på det reine med før dei eingong søkjer høgare utdanning.
Vidare nærmar debatten seg rein rølp med innlegget «Et useriøst universitet» frå Hanne Nilsen i Under Dusken nummer 10. Her får ein mellom anna vita at «den faglige kvaliteten og undervisningen på Dragvoll slett ikke holder mål». Fordi Nilsen kjenner fleire som har studert på Gløshaugen og Øya, meiner ho å vita at Dragvoll generelt er prega av «elendig faglig kvalitet». Det er nesten umogleg å argumentera sakleg mot Nilsen, fordi utgangspunktet hennar er fullstendig håplaust: Korleis er det råd å uttala seg om fagtilbodet her på generelt grunnlag? PLU er stadig i media, og blir omtala som eit av dei sterkaste miljøa for lærarutdanning i landet. To institutt ved HF er internasjonalt kjende for å samarbeida om studiar av kultur og litteratur frå 1700-talet. Dessutan er vi ganske mange Dragvoll-studentar som har studert ved fleire ulike institutt og er strålande nøgde med kvaliteten på både undervisning og oppgåvene vi får bryna oss på til eksamen.
Eg vil kasta inn ein brannfakkel til slutt: Dragvollstudentar er flinkare og meir seriøse enn dei på Gløshaugen. Gløsingar slepp å konstant få meir eller mindre spydige spørsmål om nytteverdien av det dei studerer. Ingen er skeptiske utan grunn til kvaliteten på forskinga eller undervisninga ved gamle NTH. Ingen skriv lesarinnlegg i UD, fordi dei ikkje veit betre, om at Gløshaugen generelt held dårleg kvalitet. Få Dragvollstudentar får jobbtilbod kasta etter seg når dei er ferdige med ein grad. Likevel held mange av oss ut fem år eller meir med regelrett sjikane frå studentar og tilsette ved andre campus – ved same universitet. Korleis tidlegare Dragvoll-studentar og ymse andre meiner denne heller usiviliserte debattkulturen høver for ein breispektra danningsinstitusjon, tykkjer eg dei skuldar oss eit svar på. Inntil vidare er det reine og skire tolmodet til oss uglesette på Dragvoll eit tydeleg – men ikkje einsleg – prov på kor høg kvalitet vi held på alle nivå.
Per Esben Svelstad, masterstudent i allmenn litteraturvitskap