Etikk og kritikk

Trønderjenta Eileen Kvaale Røst gjekk frå glamourmodell til kunstmålar. Debatten som følgde illustrerer kor mykje seksualmoralen til kvinner enno overskuggar evnene deira.

Publisert Sist oppdatert

Eileen Kvaale Røst har tidlegare jobba som glamourmodell i Rask Models og vore med i TV3 sin serie Glamourjentene. No jobbar ho som frisør, og sel måleria sine på ulike butikkar i Trondheim. På adressa.no finst ein filmsnutt kor Kvaale Røst viser fram bileta ho har måla, og fortel at ho håpar folk vil få augene opp for dei. Debattfaktoren vart høg blant lesarane då adressa.no omtalte bileta hennar som kunst, og tonen er for det meste nedlatande mot Kvaale Røst. Eit døme er lesaren som meiner at bileta ikkje er kunst, men nips eller enkel pynt.

Det er merkeleg at folk tilsynelatande kan gjere ei gyldig vurdering av om måleria er kunst eller ikkje ved hjelp av ein kort film på nettet. Og dersom det faktisk går an, hadde det vore interessant å vite kva kriterium dei går ut ifrå. Det er opplagt at bakgrunnen til Kvaale Røst har meir å seie for vurderinga enn kva måleria hennar har.

Eit søk på nettet viser at definisjonen på kunst er omstridd. Wikipedia definerer kunst som «et fantasifullt og nyskapende, estetisk kulturuttrykk for indre eller ytre opplevelser». Andre meiner at kunst er kunst dersom det vekker kjensler hos motparten. Det er neppe slike definisjonar debattantane på adressa.no har gått ut ifrå. Kommentarane varierer frå «Dette er ikke noe godt håndtverk...træsh rett og slett!» til «litt sjalu? Maleriene er nydelige». Her har ein heilt tydeleg ikkje reflektert over definisjonane på kunst.

Blant dei få som forsvarer Kvaale Røst, meiner dei fleste at Noreg er eit janteland der ein ikkje toler andre sin suksess. Dette er ein teori som sikkert kan passe i mange situasjonar, men han høver ikkje til å forklare kvifor Kvaale Røst blir nedvurdert før bileta er teke skikkeleg i augesyn.

Faktum er nemleg at Eileen Kvaale Røst har fått betalt for å kle av seg. Kvinner og seksualitet er framleis eit problematisk tema. Det finst eit skilje mellom dei «ordentlege» jentene og dei jentene som ikkje er verdt like mykje som andre. Dette heng saman med seksualmoralen deira, og vi kan lett finne døme i vår eiga nære historie. Det at kvinner som var gravide utanfor ekteskapet vart støtt ut av samfunnet, og i nokre desperate tilfelle drap den nyfødde ungen, er ein sterk peikepinn. Også i dag kjem det mellomalderske haldningar fram kvar gong valdtekt blir diskutert: Jenter som kler seg «horete», drikk for mykje eller går åleine ute har sjølv skuld i valdtekta.

Sosiolog Hannah Helseth hevdar at det verste ein kan kalle ei jente er «hore». Grunnen til det er at ein tek frå jenta respekt og verdi ved å kalle ho det. Det å vere glamourmodell er ikkje det same som å vere prostituert, men det har visse likskapstrekk. Ei jente trer inn i ei seksuell setting utan å ha ein «god grunn» til det; nemleg ekte kjærleik. Dessutan får ho betalt for det. Det er openbart forakt for seksualmoralen til Kvaale Røst som gjer at folk ikkje vil vurdere bileta hennar på linje med andre bilete.

Dersom vi tek eit kjapt tilbakeblikk på kunstdefinisjonen til Wikipedia, så er det eit ideal at kunsten er «fantasifull og nyskapende». Er ikkje ei jente som har kledd av seg framfor kamera i stand til å vere nyskapande eller fantasifull? Har ho mista evnen til å ta «indre og ytre opplevelser i bruk som et estetisk kulturuttrykk» i den augneblinken ho kom på framsida av eit manneblad? Sjølvsagt ikkje. Men så lenge folk blir blinda av normer for korleis kvinner skal leve eit «ærbart» liv, blir det vanskeleg for Kvaale Røst å få anerkjenninga ho lengtar etter. Seksualmoralen til kunstnaren skal ikkje vere i fokus når ein avgjer verdien av kunsten.

Krista Indrehus er kulturjournalist i Under Dusken.

Powered by Labrador CMS