
Greia med klinikksaka og kvifor ho angår deg
La meg få forklare deg raskt kva som er greia med klinikksaka og kvifor den angår deg.
Tekst: Elisa Bruvik Sætre, student
Du har kanskje sett tresko teikna på veggane på Dragvoll. Eller merka at psykologstudenten du bur med går oftare i lilla t-skjorte enn før. Kan hende du er ivrig lesar av Khrono og har sett overskrifter om nokre klinikkgreier der. Eller så har alt dette rett og slett gått deg hus forbi. Uansett tilfelle, la meg få forklare deg raskt kva som er greia med klinikksaka og kvifor den angår deg.
Når psykologistudentar byrjar på vårsemesteret fjerdeåret, ventar ei spennande tid. Dei skal no få sin første pasient som dei skal følge heile dette semesteret. Det skjer på internklinikken, som befinn seg på Dragvoll. At klinikken er intern betyr at det er Institutt for psykologi som driv den. Studentane er i grupper på fire, og ein observerer kvarandre sine terapitimar gjennom einvegsspeglar. Kvar gruppe har ein psykologspesialist som rettleiar.
Ordninga slik ho er i dag, er god av fleire årsaker: Det er låg terskel for å kome til klinikken og få terapi, ein kan faktisk henvise seg dit sjølv, og behandlinga er gratis. Vidare har menneska som kjem lettare psykiske vanskar. Dette gjer at dei ikkje har rett på behandling i spesialisthelsetenesta, og altså ikkje får tilbod om behandling elles. Slike vanskar er òg meir handterbare for uerfarne fjerdeårsstudentar enn kva tunge lidingar er. At førebygging og tidleg hjelp vil bli ein større og større del av psykologrollen framover, gjer òg at det er relevant å øve seg på behandling av lettare psykiske vanskar. I tillegg til dette, får studentane pedagogisk fundert rettleiing, sidan rettleiarane har pedagogisk utdanning i tillegg til å vere psykologspesialistar. Desse årsakene bidrar til at det psykologiske fagmiljøet i Noreg står samla bak påstanden om at interne klinikkar er den mest føremålstenlege organiseringa av psykologisk terapiopplæring.
Trass i dette ønskjer rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, å undersøke moglegheiter for å flytte ansvaret for internklinikken til spesialisthelsetenesta, altså til sjukehuset. La meg her understreke at klinikken uansett skal flyttast fysisk ned til Senter for psykisk helse på Øya. Det er ikkje den fysiske flyttinga som er problematisk, men den administrative. For det å overlate ansvaret for terapiopplæringa til spesialisthelsetenesta, er uheldig av fleire årsaker: Denne typen helseteneste har høgare terskel for å ta inn pasientar, fordi pasientane må bli henvist dit. I tillegg vil pasientane ein møter her, ha tyngre diagnosar, då dette er eit kriterium for å bli henvist til spesialisthelsetenesta. Vidare vil rettleiinga bli gitt av psykologar utan pedagogisk utdanning, noko som gjer utdanningskvaliteten uviss.
Eg har derfor vanskar med å forstå kva som står att av argument for å flytte ansvaret for internklinikken. Det mest konkrete Bovim kjem med, er eit prinsipp om at universitet skal drive med utdanning, ikkje behandling. Men kva når ein skal utdanne behandlarar? Og kva då med odontologi- og fysioterapistudia sine internklinikkar? Etter mi meining er det meir naturleg å nytte tid og ressursar på å endre ordningar som faktisk treng endring. Eg synest òg det er naturleg å lytte til kva fagfolk meiner er ein god måte å drive utdanning på innanfor sine respektive fagfelt. Det er gunstig for oss alle at psykologstudentar får ei kvalitetsprega terapiopplæring som gjer dei eigna for arbeidslivet. Det er òg gunstig for oss alle at det finst lågterskel-tilbod for menneske med lettare psykiske vanskar, då det er slike vanskar det er flest av. Derfor angår denne saka deg òg.