
Lokkast til arbeidslaushet
KOMMENTAR: Antall studerande i Noreg aukar for kvart år, men likevell slit mange med å få seg jobb etter endt utdanning.
Tekst: Sofie Sætre. Oversatt av: Sindre Johansen
At ein stor andel av den norske befolkninga brukar fleirfaldige år av livet sitt på ei utdanning som muligens ikkje er bruk for, er rett og slett bortkasta.
Meir omfattande informasjon om kva type yrkesgrupper som faktisk treng kompetente søkerar er naudsynt for å unngå at for mange søker seg inn på nokon få, dog svært populære studier.
Sjølv studerar eg medievitenskap ved NTNU, og har fleire gongar fått spørsmål om kva eg skal jobbe med som ferdigutdanna. På heimesida til NTNU, står mellom anna undervisningssektoren, forskning, administrasjon, og journalistikk som forslag for framtidig arbeid ein kan ha som medieviter. . Problemet er at kun i Trondheim, er det rundt 150 stk som får studieplass innan denne retninga kvart år. Det er dermed mange medievitarar i landet, og alle har samme utdanning. Difor er det i stor grad naudsynt å ha relevant erfaring for å skilje seg ut i mengda. I Trondheim er vi så heldige at det finst mange frivillige verv ein kan engasjere seg i. Slik kan ein få jobberfaring samtidig som ein studerar. Det samme problemet finn ein ved fleire av studiene. Det finst mange jobbar som er relevante, men grunna mange søkarar, så vert det vanskeligare å få drømmejobben.
Eg har alltid blitt fortalt at utdanning innan læraryrket er ein smart veg å gå om ein ville vere sikra arbeid i framtida. Dette er det tydeligvis fleire som har høyrt om, med tanke på at frå 2008 til 2012 økte antall førstevalgssøkarar til lærarutdanning innan grunnskule, faglærarar og femårig integrert lærarutdanning med heile 54 prosent.
At søkartala for lærarutdanninga har aukt så kraftig er sjølvsagt bra for desse spesifikke utdanningane innan undervisningssektorane. Likevell er det fleire andre yrker som manglar søkarar, og eit døme på dette er at til trass for stor fokus på lærarutdanninga, har rekrutteringa av professorar offentlige universitet blitt gløymt.
Dette viser ei ny undersøkelse frå forskerforbundet. Ut i frå denne artikkelen ser ein at gjennsomnittalderen på ein professor er 56.6 år, og at det er så mange som 25 prosent som er over 62 år, og dermed på veg til å verte pensjonistar. Konsekvensen av dette er for få kompetente personar som kan ta over for denne generasjonen, og det vil verte ein stor mangel på professorar i den offentlege sektoren i åra framover.
Kva informasjon ein elev som skal søke seg inn på vidare studie etter endt vidaregåande, er i stor grad avgjerande for kva studieretning valget fell på. Personelig opplevde eg at vi vart «mata» med opplysningar om ymse jobbmuligheter, men vi fekk aldri vite noko om dei negative sidene.
Eg trur at den største syndebukken her er yrkesmesser. Kvart år vert desse arrangert på vidaregåande skular, og her står det representantar frå forskjellege universitet, høgskular, og frå millitæret. Det som vert fokusert på her, er kor bra alt er. Forrige gang eg var på yrkesmesse, var eg i prat med fleire av representantane, og eg vart fortalt det samme frå alle. Det sosiale studentlivet er topp, og ein kan få ein bra jobb i etterkant. Dei sa ingenting om at arbeidsledighet etter fullført utdanning er vanleg.
Sjølv om antalet søkande på lærarstudiet aukar, skriv NRK at det er heile ein av tre ferdigutdanna lærarar sluttar i yrket sitt innan få år. Kildene i denne saken fortel at dette er fordi yrket ikkje var slik dei såg for seg når dei byrja. Ifølje ein undersøkelse er motsetningsfulle forventingar til utøvelsen av læreryrket, ein av grunnane til at så mange ikkje ynskjer å praktisere arbeid som lærar.
Å ta del i arbeidslivet og skikkelig praksis under utdanning er utan tvil ein viktig faktor for at dagens studerande faktisk byrjar i ein jobb dei trivst i. Sidan ein får såpass liten informasjon om yrker på førehånd, så er det nok ikkje eit ukjent fenomen at feil folk endar opp i feil yrke. Innan svært mange studieretningar på universitet kan ein få ei bachelorgrad utan å ha ein einaste time med praksis. Om ein fullfører ein bachelor eller tek ei mastergrad i eit teoretisk fag, kan ein risikere å ende opp med eit stort studielån, og mykje bortkasta tid. Ved privathøgskulen NKF er yrkesretta praksis obligatorisk. Dette er noko eg trur kan føre til at studentar tidlig kan sjå om dei utdannar seg til noko dei kan trivst med resten av livet.
I framtida håpar eg at komande studentar får meir omfattande informasjon om kva yrker som faktisk treng nye studentar, og kva retningar ein bør unngå om ein ynskjer å kome seg fort ut i arbeidslivet. Dette kan redusere antall ferdigutdanna som droppar tidleg ut av yrket sitt, og arbeidsgiverar vil også få ein lettare jobb med å finne kvalifiseret søkarar som passar i arbeidet dei gjer.