
Når systemet sviktar
DEBATT: Det kostar for både kommune og NAV å gje ungdom med funksjonsnedsettingar den kompetansen dei treng for å få brukt si arbeidsevne, men det er langt dyrare å presse dei over i arbeidsløyse og full uføretrygd.
Tekst: Lars Rottem Krangnes, Generalsekretær i Unge funksjonshemmede
Under Dusken og Dusken.no skriv om 21 år gamle Johannes Loftsgård som har Cerebral Parese og er avhengig av brukarstyrt personleg assistanse (BPA) for å kunne meistre studiekvardagen ved NTNU.
Kommunen sviktar
Kommunikasjonssvikt mellom Johannes og kommunen, i tillegg til få ressursar i komunen, har ført til at Johannes har opplevd kutt frå 70 timar til 37,5 timar BPA i vekå. Kuttet i assistanse gjer det umogleg for Johannes meistre studiekvardagen. Han har sett seg nøydd til å avslutte sosiologistudiane ved NTNU og flytte frå Trondheim. Denne historia er eit skremmande eksempel på kor gale det kan gå når systemet sviktar og ein ung student står utan oppfølgjing og tilretteleggjing. At Johannes avsluttar studiane sine før han har fullført graden, vil kunne få store konsekvensar for hans yrkesaktive karriere.
Færre funksjonshemma i jobb
Forsking viser nemleg at utdanning i endå større grad er nøkkelen til jobb for ungdom med funksjonsnedsettingar, enn for andre. Likevel er det færre som får utdanning som tiltak i NAV enn før, og mange slit med å få tilrettelagd undervisning. Det kostar for både kommune og NAV å gje ungdom i denne gruppa den kompetansen dei treng for å få brukt si arbeidsevne, men det er langt dyrare å presse dei over i arbeidsløyse og full uføretrygd.
Å få fleire med funksjonshemming ut i arbeid er eit av hovudmåla i avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Det har vi ikkje lukkast med, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Etter 14 år med IA-avtale er færre i jobb, skriv Magasinet Velferd.
Nødvendig tilretteleggjing
For Johannes vart kuttet frå 70 timar til 37, 5 timar for vanskeleg å leve med. Og det er forståeleg. For å vera student betyr ikkje berre at du skal studere. Å vera student inneber også å ha fritidsaktivitetar. Det å skaffe seg nettverk og studiekameratar, og kunne tilbringe tid saman med dei, er ein essensiell del av studiekvardagen. Ikkje å sitte fanga i eiga leilegheit, som Johannes sjølv omtalar sin eigen situasjon.
BPA er sentralt for at Johannes skal kunne fullføre utdanninga si, som igjen vil gjere at han stiller sterkare som jobbsøkar. Både BPA og fleire andre tilretteleggjingsordningar er avgjerande for at mange unge med nedsett funksjonsevne skal kunne skaffe seg nødvendig kompetanse og vere konkurransedyktige på arbeidsmarknaden.
Manglar politisk vilje
Det er politisk semje for å få fleire i jobb, men vi manglar vilje. Vilje og fleire ressurssar til NAV og kommune, til å sikre utdanning og ein god inngang til arbeidslivet. Det trengs eit betre samarbeid på tvers av sektorar og etatar, og mellom stat og kommune. Vi utfordrar difor alle nyvalde lokalpolitikarar til å gripe tak i desse utfordringane og gjere ein skilnad i sin kommune.