
Öppna din dörr och säg att du vill ha mig här
MEINING: Studentmållaget meiner at Studentmediene lyt bli flinkare til å nytte nynorsk.
I ein artikkel på framtida.no 10. mars vart bruken av nynorsk i studentavisene diskutert. I motsetnad til fleire av dei største riksavisene, tillét Studvest i Bergen, Universitas i Oslo og Under Dusken nynorsk på trykk, og dei oppmodar nynorskbrukarar om å søke jobb som journalistar og til å bruke nynorsken som arbeidsspråk. Velferdstinget i Bergen, utgjevaren til Studvest, har vedteke målsetjing om 50 prosent nynorsk i kvar utgåve av avisa. I det store og heile er det mykje ein kan skryte av. Redaktørane og studentavisene har opne dører for nynorsken, og er slik som vermer eit målsak-hjarte.
Dessverre vert hjartet fort kaldt att, for det er noko tafatt over det heile. Jamvel om Studvest jamt over er gode på målblanding, varierer talet på nynorsksider svært mykje frå nummer til nummer, og det ligg alltid langt under 50 prosent. Det same gjeld for Universitas og Under Dusken. Når det i enkelte utgåver er om lag ei side på nynorsk i avisa, er det freistande å seie at det ikkje er noko nynorsk i det heile. Dette er nemleg problemet: Alle har lyst på meir nynorsk i avisene, men ingen tør å ta i eit skikkeleg tak for å få ynskja sine oppfylt. Det hjelp ikkje å sitje passive i redaksjonen og håpe på at nokon kjem og skriv nynorsk. Så kva er det som hjelp?
Me ser altså tydeleg at minoritetsspråket i eit samfunn berre kan leve og vekse så lenge majoritetsspråket legg til rette for at dei kan leve og vekse.
Nynorskbrukarar som samarbeider med bokmålsbrukarar ofte vert tvinga til å skifte målform. Dette, trur eg, handlar om at nynorskbrukarar er betre i bokmål enn bokmålsbrukarane er i nynorsk. Bokmålet er så tilgjengeleg over alt – i media, på internett, i litteraturen, i filmar – at det skal godt gjerast å vekse opp i Noreg i dag utan å lære seg bokmål. Elevane med nynorsk som hovudmål får opplæring i nynorsk samstundes som dei indirekte tileignar seg bokmål gjennom å høyre det, sjå det og lese det kvar dag. Dei vert reelt tospråklege, og kan veksle mellom målformene når det høver seg. Situasjonen er slett ikkje den same for bokmålsbrukarane. Det krev mindre innsats frå båe partar om dei i samarbeid brukar den forma den eine av dei kan godt og den andre passe godt.
Dessutan kan ikkje Forholdet mellom nynorsk og bokmål diskuterast utan at den underlegne statusen til nynorsken vert nemnt. Trur me verkeleg at ein nynorskjournalist, som er i mindretal i avisa, står på kravet om å skrive saka på nynorsk dersom hen må samarbeide med ein bokmålsbrukar som «ikkje har lært nynorsk på skulen», «ikkje skjønar vitsen med nynorsk» eller som «har brent Spynorsk Mordliste for lenge sidan»? Det verkar kanskje hårsårt, men faktum er at dette er meiningar nynorskbrukarar må ta stilling til kvar dag. Jamvel om det finst styggare ord i ordbøkene, ytrar desse kommentarane ei haldning om at det ikkje er noko behov for nynorsk. Slike haldningar ligg òg til grunn for det som kjem fram i artikkelen i Framtida, nemleg at det til ein kvar tid finst nynorskjournalistar i avisene som vel å skrive på bokmål. Det er lett å forstå at ynskjet nynorskjournalisten har om å få bruke målforma si i kvardagen vert trumfa av ynskje om godt samarbeid, om å skrive ei sak som vert respektert og om å verte likt på arbeidsplassen.
Me ser altså tydeleg at minoritetsspråket i eit samfunn berre kan leve og vekse så lenge majoritetsspråket legg til rette for at dei kan leve og vekse. Det er premissen for sidemålsopplæringa, og det bør vere premissen når avisene ynskjer å få meir nynorsk på trykk. Det inneber at majoritetsspråket av og til må vike plass for minoritetsspråket, trass i at det krev litt ekstra. Eg trur redaktøren i Studentmediene har rett når ho seier til Framtida at ho trur dei har fleire nynorskjournalistar enn andre studentaviser fordi det kjem studentar til Trondheim frå heile landet, og at fleire kanskje får lyst til å søkje når dei ser nynorske artiklar i UD. Men journalistane må sleppe å få ha alt ansvaret for å få nok nynorsk på trykk, avisa som heile må ta ansvar for at det skjer. Det er ikkje nok å la døra stå open, ein må vinke gjesten inn dersom ein vil ha besøk. Difor minnar det skræmande mykje om den ignorante haldninga til Unge Høgre når avisene ynskjer at journalistar skal bruke nynorsk, men ikkje gjer noko aktivt for at det skal skje: «La dem raute nynorsk bare vi slipper!»
Eg er altså ikkje tilfreds med berre ei oppmoding til nynorskbrukarar om å søke journalistjobb eller eit vedtak om ein viss del nynorsk i kvar utgåve. Hald for all del fram med desse gode, men litt kraftlause tiltaka, men ta dykk saman og gjere ein meir aktiv innsats! Tør å rydde bokmålet unna, og syt for å oppnå nynorskmålsetnaden dykkar ved å ta utgangspunkt i desse forslaga: Prioritér nynorskjournalistane til større saker. Krev at minst to av omtalene skal vere på nynorsk i kvart nummer, krev at minst halvparten av framsidesakene skal vere på nynorsk kvart semester og syt for å skrive framsidetilvisinga på nynorsk for saker som er skrivne på nynorsk. Ha ein fast del nyhende- og featurejournalistikk på nynorsk i kvart nummer. Utfordre bokmålsjournalistar til å vere med å skrive nynorsksaker med jamne mellomrom. Syn at det å kunne skrive nynorsk gjev deg spennande arbeidsoppgåver, og at nynorsken er eit språk som høver i alle slags samanhengar.
Eit vanleg argument mot å bruke nynorsk i større grad, er nemleg at det ikkje vert brukt noko særleg frå før. Ein ser det ikkje rundt seg, det er ikkje eit språk som høver seg i media, unnskyldningane er mange. Me i Studentmållaget i Nidaros sender med dette ei oppfordring til studentavisene i Noreg: Ver frampå og vis at dette er eit argument som bit seg sjølv i rumpa! Våg å ta eit annleis val, våg å bruke meir nynorsk, og set på den måten krav til dykk sjølve, journalistane og lesarane. Treng de ei oppfrisking av nynorskkunnskapane, eller hjelp og tips til korleis de kan få meir nynorsk i avisa, har Studentmållaget i Nidaros alltid open dør. Der står me godt synlege og vinkar inn dei som er interesserte.
Kirsti Lunde, leiar i Studentmållaget i Nidaros