
–Regjeringa bør ta problema ved rota
KOMMENTAR: Regjeringa vil opne y-vegen for barne- og ungdomsarbeidarar. Vil det eigentleg komme norske høgskular til gode?
Y-vegen er eit tilbod for yrkesfagelevar frå vidaregåande, der dei kan søke seg inn på enkelte høgskule- og universitetsutdanningar utan generell studiekompetanse. Til no har y-vegen vore eit tilbod innan ingeniør- og realfagsutdanningar med forutsetninga at eleven har yrkeskompetanse, fagbrev eller svennebrev. Regjeringa ønskjer no å innføre ei tilsvarande prøveordning for barne- og ungdomsarbeidarar.**** Dusken.no skreiv i byrjinga av april at regjeringa ønskjer å opne y-vegen for barnevernspedagogutdanninga, men at fellesorgansiasjonen (FO) sine barnevernspedagogar stiller seg i mot vedtaket.
Det er for å gjere fagarbeiderutdanninga ved helse-og oppvekstfag på vidaregåande skular meir attraktive, at regjeringa ynskjer ei opning av y-vegen. Dette står det om i fjorårets stortingsmelding om utdanning til velferd. Seksjonsrådleiar Ellen Galaasen i FO uttalar til fontene.no at regjeringa bommar med målsetjinga si og heller bør fokusere på styrking av innhald, kvalitet og nivå fram mot ein master, ikkje senke inntakskravet ved barnevernsutdanninga.
Eg meinar ei opning av y-vegen i utgangspunktet er ein fin tanke. Den gir moglegheit å ta høgare utdanning for yrkesutdanna. Dei sit allereie på mykje erfaring både fagleg og praktisk, ofte vesentleg større enn søkarar med generell studiekompetanse som bakgrunn. Likevel er det problem med løysinga. Eg må seie meg einig med Galaasen; allmennkunnskapen ein får ved å ta generell studiekompetanse er i stor grad med på å sikre inngangen til høgare utdanning. Den løfter kvaliteten og det akademiske nivået til yrkesutdanninganer ved høgskulane i landet. Høgskulane skal blant anna gi barnevernsstudentane ei betre innsikt i faget, gjere dei i stand til å drive administrativt arbeid og løyse juridiske konfliktar, samt sikre ei betre overføring frå teori til praksis. Det er difor naudsynt at det teoretiske nivået og innhaldet oppretthaldast.
I dag kan yrkesutdanna elevar ved vgs ta eit eittårig påbyggstudie for å få den generelle studiekompetansen som trengs for å komme inn på bachelorstudiet i barnevern. Aftenposten skreiv i august 2012 at 55,2 % av elevane som tok påbygg i 2011 strauk. Det teoretiske nivået er etter mi oppfatting vesentleg høgare ved norske høgskular enn ved norske videregåande skular. Då strykprosenten ved påbyggstudiet er så stor som desse tala viser meiner eg det er ein dårleg ide å opne y-vegen til barnevernsutdanninga.
Eg stiller på ingen måte min tvil til barne- og ungdomsarbeidarar sin yrkeskompetanse. Eg meiner at den praktiske erfaringa og det faglege grunnnlaget er svært viktig for alle yrker der mellom-mennesklege relasjonar står i fokus. Til dømes er eg kritisk til det høge inntakskravet for profesjonsstudiet i psykologi, der mange "flinke hovud" tek plassane frå folk som gjerne er meir sosialt kompetente og eigentleg hadde passa betre i jobben.
Poenget mitt er at eg ikkje ser for meg at det akademiske nivået ved barnevernsutdanninga vil kunne ligge like høgt som i dag om ein opnar opp for y-vegen. Eg ønskjer ikkje å legge skylda på påbyggelevar som stryk ved eksamen, påbyggåret er med god grunn kjent for å vere eit hardt år. Då vil eg heller rette kritikken min mot det norske utdanningssystemet.
Då eg sjølv gjekk på vidaregåande opplevde eg at fleire av vennene mine valde å ta yrkesskulen fordi dei ikkje fekk den hjelpa dei trong for å stå i allmennfaga og mista motivasjonen sin. Det er trist at folk opplev å å ikkje kunne følgje draumane sine fordi behova deira blir oversett.
I staden for å senke krava ved norsk høgare utdanning meiner eg regjeringa bør fokusere på å ta problemet ved rota. Om ein kan få fleire elevar gjennom den vidaregåande skulen vil ein kunne oppretthalde det faglege nivået ved høgare utdanning. Sjølvsagt er dette lettare sagt enn gjort, men eg trur mykje av fokuset bør ligge på å fange opp dei med manglande motivasjon og særskilde behov.
Slik eg ser det vil ei opning av y-vegen kunne føre til nedbygging av kompetanse, nivå og kvalitet i norsk høgare utdanning. Med andre ord eit steg tilbake for vidareutvikling av norsk utdanning. Ønskjer verkeleg regjeringa dette?