Egg, sæd, og sjølvrealisering

Utan eit observert og regulert system for surrogati er vegen kort frå kva som kan skape lykkelege familiar, til kva som blir direkte motbydeleg.

Publisert Sist oppdatert

Vi satt ein gjeng i kantina på Dragvoll. Eg var sliten av studiet og den evigvarande isen på bakken. Etter kvart som motivasjonen til å komme seg tilbake på lesesalen sank, kom vi inn på temaet surrogati. Ein av dei som satt rundt bordet var homofil og vurderte sjølv denne metoden for å få biologiske barn. Eg på mi side kjende avskyen vekse etter kvart som samtalen dreiv vidare. Men kva skulle eg seie? Her sitt eg som ei heterofil jente med, så vidt eg veit, eggstokkane og livmora i beste velstand.

Eg prøvde, utan særlege forkunnskapar, å lure inn nokon poeng om at surrogati nok kunne føre med seg svært mange negative aspekt for svært mange kvinner. Som eksempelvis at du med nesten sikkerhet vil få ei fysisk og psykisk tilknyting til det som veks inni deg, at det er ei stor påkjenning for kroppen, og at ein faktisk sel kroppen sin til fordel for andre. Dei fattige poenga mine vart oversett. Eg var visst berre imot surrogati fordi eg sjølv kunne produsere denne vara biologisk. Jenta må jo stille opp for likekjønna par og andre trengjande. «Flott», tenkte eg, «kvinna har jo berre vore undertrykte i dei fleste samfunn i dei fleste verdsdelar, så kvifor ikkje bli undertrykt litt meir». Diskusjonen vart for personleg, og eg ønska å behalde vennskapen til dei fem andre rundt bordet. Eg gjekk tilbake til lesesalen.

Kommersialisering og prostitusjon

For det er nettopp dette med undertrykking som gjer at surrogati gjer meg kvalm. Det vekkjer nok dessverre fleire negative kjensler, framfor å sjå moglegheiter og lykkelege familiar. Det å vere surrogatmor er absolutt noko av det edlaste ein kan gjere for eit anna menneske, og vidare for ein familie som av ulike årsaker sjølv slit med å få eigne born. Problemet oppstår i det surrogati vert ein ny og grovare form for prostitusjon. Kvinna skal ikkje lenger selje seg sjølv som ei eskorte for ei natt, men heller som rugekasse i ni månadar.

Under landsmøte til Høgre gjorde dei det klart at dei stiller seg positive til eit vedtak for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Likevel støtter dei enda ikkje ein lov som tillet kommersiell surrogati. Kommersiell surrogati er mellom anna lovleg i USA. Her må ein gjerne betale éin million kroner per svangerskap, som standardisert skal bære fram eit barn. Likevel fins det andre marknadar som tilbyr ein svært annan pris, og det er akkurat her at surrogati vert farleg. Reiser ein til India, der kommersiell surrogati har vore lovleg sidan 2004, vert jobben gjort for ein brøkdel av prisen; vi snakkar i underkant av 50 000 kroner for tvillingar. Rett og slett eit lite kupp her altså.

For ei lita tid tilbake publiserte VG historia om indiske Mona og hennar liv som surrogatmor. Mona var ei firebornsmor som levde i slummen i Mumbai. Då ektemannen hennar vart alvorleg sjuk, vart ho desperat etter å finne ei rask og effektiv inntekt til familien sin. Sjølv om ho i utgangspunktet ønska å donere egg, var marknaden for surrogatimødre meir ettertrakta. Ho vart gravid med tvillingar til eit norsk par. Dessverre gjekk ikkje svangerskapet heilt som det skulle. Mona vart innlagt på sjukehus i sjette månad. Fødselen var seinare satt i gong. Mona og eit av borna døydde, medan det andre vart sendt til familien i Noreg. Fire indiske born vart foreldrelause.

Eit personleg bistandsarbeid

Eg kan skjønne kvifor surrogati freistar. Du har ein kropp, du lever i slummen, og du er desperat etter pengar for å forsørgje familien din. I Mexico, der surrogati også skjer i ein svært stor grad, kan dette vere ein måte å tene gode pengar der ein slepp kartellverksemd, korrupsjon, og kriminalitet. Likevel stiller eg spørsmål ved kor vidt ein skal samanlikne denne verksemda med bistandsarbeid til kvinner i u-land. Nettopp fordi det sett dei i fleire farar enn det naudsynt løyser, slik det gjorde for Mona.

Eg forstår at surrogati kan vere noko fantastisk. Problemet oppstår berre i skiljet mellom kva som er direkte utnytting av trengjande mennesker, og kva som for rike par i vesten handlar om direkte sjølvrealisering. Sjølv om verksemda nok kan føre til lykkelege menneske i begge endar, både surrogatmor og biologiske foreldre, klarar eg ikkje å forsvare det etisk. Det er for enkelt å utnytte og undertrykkje kvinner som så sårt treng kapital og ressursar. Det å få biologiske barn er dessverre ikkje ein menneskerett. Skal dette vere eit fungerande tilbod, må systemet optimaliserast, og vidare nærmast idealiserast.

Utan eit observert og regulert system er vegen kort frå kva som kan skape lykkelege familiar, til kva som blir direkte motbydeleg. Verken prostitusjon eller kommersiell surrogati er per dags dato lovleg i Noreg, og du kan vidare prøve å tenkje deg om det finnast ei kvinne som av fri vilje, utan å tenkje på pengane, ønskjer å være surrogatmor for eit vilt framand par.

Powered by Labrador CMS