Sharing is caring

Og nesten alt mitt er ditt. Tankar om «covring» og «sampling» i musikken.

Publisert Sist oppdatert

Du har garantert høyrt mange coverlåter i løpet av livet. I nokre tilfeller var du kanskje ikkje klar over at låta du høyrte var ei coverlåt eingong. Ta for eksempel «All Along the Watchtower». Jimi Hendrix gjorde den meir populær enn opphavsmann Bob Dylan nokon gong klarte, og Hendrix har nok mange gonger fått æra for låta.

Coverlåter er enkelt og greitt innspelingar eller framføringar av allereie eksisterande låter. Artisten bør sette sitt særpreg på den musikalske utforminga for at det skal bli nyskapande og interessant å lytte til — ikkje ein rein og skjær kopi av originalen. Nokon meistrar dette, andre ikkje.

Sampling er ei anna side av same sak. Då tar ein ein bit («sample»), til dømes eit riff eller ein del av teksten, frå eit eksisterande verk og nyttar det i ein ny komposisjon. Det gjer rom for nye, spennande tolkingar av musikken som allereie fins der ute. Me har vore vitne til gode og dårlege coverlåter opp gjennom tidene, og sampling som så til dei grader misbruker originalverket. Positiv som eg likar å forholde meg skal du her få tre gode dømer på coverlåter.

«Memory of a Free Festival» - Edward Sharpe & The Magnetic Zeros (David Bowie)

Denna perla oser av tida den blei født i, og var fyrst å finne på David Bowie sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1969. Låta er skrive som ein hyllest til Free Festival, ein festival som fann stad i utkanten av London dette året. Den er ein ode til psykedeliske stoffer, fri kjærleik og regnbogar.

Sjølv om sjefen sjølv framfører den fantastisk, tar den seg unektelig godt ut i Edward Sharpe & The Magnetic Zeros si drakt. Bandet omfavnar 60- og 70-talet for alt det er verdt, og nektar tilsynelatande å ta inn over seg det 21. århundrets eksistens. Dei bidrar til at «Memory of a Free Festival» verkeleg kjem til sin rett. Bowie sitt orgel får selskap av blåsarar av ulike slag og deilig koring heile vegen. Eit skrik me får tre minutt og 13 sekund ut i låta er både forstyrrande og sjarmerande, før det bryt ut i den herlige repetetive setningen «The Sun Machine Is Coming Down And We’re Gonna Have A Party».

«Wish You Were Here» - Sparklehorse (Pink Floyd)

Å tukle med noko som helst av Pink Floyd sitt materiale verkar ambisiøst og overmodig. Indierockarane i Sparklehorse velde heller ikkje nokon annan låt enn den aller mest kjente og kjære: «Wish You Were Here» frå 1975. Då er det ein enda større lettelse og fryd når dei får det til å fungere så bra som det gjer. Bandet la opp i 2010, naturleg nok grunna sjølvmordet til frontfigur Mark Linkous. Dei nådde aldri ut til dei store massene, men dei rakk å turnere med Radiohead. Det resulterte i denne coverversjonen, då det er Radiohead-vokalist Thom Yorke som låner bort stemma si i låta. David Gilmour sin udødelige akustiske gitar er byta ut med piano i Sparklehorse sin versjon, i godt selskap av strykarar og gitar. Det fungerer heilt utmerka.

Låta blei plukka opp i filmen Lords of Dogtown frå 2005 som tar for seg korleis skating som sport vaks fram i California på 70-talet, då surfebrettet sine våte bølgjer blei byta ut med tørr asfalt. Ha gjerne Sparklehorse sin «Wish You Were Here» på øyrene, ta på deg cordfløyelsbukser, slitte Vans og aller helst eit rullebrett under føtene. Samstundes som du draumer deg bort til Santa Monica anno 1974 og gjer eit lite nikk til Mark Linkous.

«Smells Like Teen Spirit» - Patti Smith (Nirvana)

Låta og albumet som endra verda. Nirvana sitt Nevermind frå 1991, og denne hymna av ei låt som fekk den tunge børa av å representere ein heil generasjon. Generasjon X som nokon så dystert har skildra det. Men Patti Smith er ikkje nokon lita jente ho heller. Tvert imot, det meste ho tar i blir til gull. Så når ho plukkar opp banjoen — ja, banjoen — og lagar ein coverversjon av «Smells Like Teen Spirit» blir det fabelaktig. Det gjennomsyra rocka lydbiletet blir plutseleg byta ut med country. Låta inkluderer sure feler, bass og ein liten monolog med Smith sin tunge lyrikk, like tung som Kurt Cobain sin. Ingen trommer, det trengs ikkje. Dette er det beste av mange forsøk på å covre denne høydaren i musikkhistorien.

Sample-suksessar

Her er eit tips: Gå rett inn på Spotify, leit fram Gil Scott-Heron si låt «I’ll Take Care of You» og kjenn kor den tar deg. Drake og Rihanna gjorde ein nydelig tolkning av denne låta på Drake sitt album Take Care frå 2011. Sampling er generelt vanleg innan hiphop. 2Pac lånte refrenget frå Elton John sin «Indian Sunset» i «Ghetto Gospel», og Jay-Z gjorde noko liknande med sin herlige «Hard Knock Life - Ghetto Anthem», då inspirert av musikalen Annie.

Men det fins ein regjerande meister av alle sample- og originallåter. Denne har du dansa deg tullete til fleire gonger på byen, og vore dritkul medan du lagde flyrøyrsler med nevane dine. Eg snakkar sjølvagt om M.I.A. sin «Paper Planes». For guds skuld, orienter deg om kvar ho har lånt det megakule opningsriffet frå. Det er nemlig henta fra The Clash og deira «Straight To Hell», frå albumet Combat Rock frå 1982. Sånn, no kan du jo lage di eiga spelelista med nemnde låter og andre cover- og samplefavorittar.

Her kan du sjekke ut Radio Revolt si speleliste, og la den fargelegge førpåsketida.

Powered by Labrador CMS