Alle elskar Bernhoft

Vokalist, gitarist, pianist og moromann. Jarle er litt av ein supermann.

Publisert Sist oppdatert

Jarle Bernhoft - Byscenen - 29. oktober

Ein stol, eit keyboard, to mikrofonar og eit ukjent antal strenginstrument var plassert midt på Byscenen laurdag kveld. Det var endeleg klart for konsert med Jarle Bernhoft, og stemninga i salen tilsa at forventningane var himmelhøge.

Den populære artisten let ikkje publikum vente lenger en ein halvtime, noko som i seg sjølv gav han ei stjerne i mi bok. Heilt aleine sette han seg til rette på scena, og begynner showet med eit par rolege, mindre kjende låtar. Konserten begynner altså litt tamt, og eg kan ikkje unngå å tenke at det kjem til å bli litt småkjedeleg og stå der og både sjå, og høyre på samme mannen i ein heil konsert.

Heldigvis tek eg feil. Det tek ikkje lange tida før Bernhoft livna til på scena, og får med seg heile publikum i allsang. Vidare vert konserten betre og betre, og det er med jubel frå publikum han spelar «C'mon talk». Denne gongen er ikkje allsangen like vellukka, så den spøkefulle artisten tek seg tida til å lære vekk teksta på den noko kompliserte sangen.

– No skal dokke høyre her, det er ein ganske enkel fasit på teksta. Det er c`mon talk,talk,talk,talk, to me yeah, to me yeah, så repeterar vi det, okey?

Etter eit kanskje enda meir mislukka, men lattermildt forsøk på allsong, går han vidare med programmet.

Songane som til dagleg blir spelt på radio vert sjølvsagt framført, og det er ikkje ofte eg opplev at ein artist er betre live enn på studioinnspelingar, men under konserten vert eg heftig imponert. Når ein artist har ei stemme som skiftar frå lågt til høgt toneleie uten problem, og som i tillegg kan spele på fire forskjellege instrument i løpet av samme sang, er det umogleg å ikkje la seg fascinere.

At artisten er vandt med å underhalde publikum er det ingen tvil om. Med eit komplisert miksebord tek han opp lyd frå salen og brukar det under songane sine. Han tek seg også tid til å fortelje personelege historier, og held mellom anna eit «moralsk foredrag» som handla om å passe seg for store, skumle damer.

Etter 90 minutt røyser han seg opp frå stolen, bukkar, smilar og går av scena. Etter eit par minutt med klaging frå publikum kjem han sjølvsagt tilbake for å ta eit par ekstranummer, og avsluttar heile showet med ein småklein sang der han takkar for seg.

Mot slutten kan ein høyre ein ihuga fan som ropar «Eg elskar deg Jarle!», og plutselig var det fleire som stemte i.

Det er tydleg at alle i salen elskar Jarle, og etter konserten kan eg ærleg talt seie at eg er ein av dei.

Powered by Labrador CMS