Blogg – gråsonejournalistikk?
Utgjer blogg-farsotten eit trugsmål mot den klassiske, objektive journalistikken?
«Ræev! Hubro, bubo, bubo». Denne overskrifta strekte seg over to spalter på Dagbladets vevside den 21. september.
Foto: Erlend Dahlhaug Paxal, Under Dusken
– Det er problematisk at blogginga på dei store nettavisene i dagens form undergrev journalistrollen ved å la privatpersonar blogge utan godtgjering, meiner Torill Mortensen. Ho er førsteamenuensis i mediefag ved Høgskulen i Volda, og underviser til vanleg i medieteori og informasjonsteori.
– Dette er ein svært billig måte å generere stoff for vevstadane, poengterer Mortensen.
Dei siste åra har blogging blomstra opp på landets største nettaviser. Blogging var i byrjinga ei privat meiningsytring på verdsveven, men har no utvikla seg til å bli noko meir. VG har for eksempel valt å nytte ordet blogg i staden for kommentar i si papirutgåve.
– VG og Dagbladet har valt å forandre sine kriterier for nyhende ved å henvise til bloggar på sine forsider, seier Mortensen.
Denen tendensen ser Mortensen i samanheng med blogging og den stadig meir subjektive formen for journalistikk.
– Det er ei dreiing mot meir sensasjonelt stoff i media. Du kan kalle det ein slags idol-effekt, seier førsteemanuensisen
Opnar media for publikum
Dagbladet.no lanserer tredje oktober ei storsatsing på blogging. Denne satsinga går ut på nye og betre program for blogging. Bente Karlsnes i Dagbladets nettredaksjon kan fortelje om nyvinningar som kalender, arkiv, såkalla «trackback», samt funksjonar som gjer det lettare å moderere bloggane. Karlsnes meiner blogging er ein del av ei positiv endring i media.
– Media har tradisjonelt vore ein lukka arena. Blogging hjelper til med å opne denne arenaen for publikum ved at dei kan leggje inn kommentarar på kvar einskild blogg, fortel Karlsnes. Ho er ikkje einig med Mortensen i at blogging kan undergrave journalistrollen.
– Blogging er eit verktøy, og kan nyttast til å kritisere media. Det er ein god metode for å ta inn nye røyster, meiner Karlsnes.
Men ikkje alt publiserast på deira vevside. Bloggane skal omhandle ting som opptek publikum, og skal vere til dels seriøse.
– Bloggen er personleg, men ikkje privat, seier Karlsnes.
Papirblogg?
31. mai byrja eit nytt kapittel i norsk mediehistorie. VG valte å publisere ei dagleg spalte på side tre i papirutgåva under navnet blogg. Fyrste innlegg handla då sjølvsagt om blogging og inneheldt ei oppfordring om å skrive kommentarar på verdsveven. Tre veker seinare kunne ein lese ein tradisjonell kommentar om VG si bloggsatsing i Aftenposten, skrive av kulturjournalisten Per Kristian Bjørkeng. Han meiner VG har bomma med blogg på papir, då dette strid mot konseptet. Han ytrar også ein skepsis for kva tema bloggar i media tek opp.
«Sport og spill er imidlertid «ufarlege» områder der sleivspark er en del av sjargongen. Jeg tror det blir lenge til vi ser en samfunnsorientert, personlig engasjert blogg i de største nettavisene», skriv Bjørkeng i sin kommentar.
Dermed var ein debatt i gang, og i VG slo Anders Giever tilbake i sin blogg på side tre. Her legg han fram fleire argument for å legitimere si eiga spalte. Ikkje minst påpeiker han at bloggane blir nytta av publikum.
«På det meste har en post på VG-bloggen avfødd over 600 engasjerte reaksjoner. Innleggene har et sterkt variabelt kvalitets- og saklighetsnivå. Men på sitt beste kan de bringe inn ny kunnskap, korrigere feil og utfordre kommentatoren på viktige områder», skriv Giever i sitt svar til Bjørkeng.
Mellombels omgrep
Steffen Fjærvik er fagmedarbeider ved Journalistisk institutt, og skal neste månad halde kurs i blogging for ferdig utdanna journalistar. Han forstår at dagens praksis kan virke problematisk.
– Ein kan lett mistenkje bloggane for å ha ein lågare journalistisk kvalitet, men det er ikkje sikkert, seier Fjærvik.
Han påpeiker at vi no er midt i utviklinga av kva ein blogg er og kva det skal vere, og at vi i framtida kan kome til å sjå meir og meir personlege meiningsytringar.
– Ein blogg er jo i utgangspunktet det vi tidlegare omtalte som ei heimeside. Teknologien har gitt oss moglegheiter til å uttrykkje oss til eit større publikum. For alt vi veit er blogg berre eit mellombels omgrep.
Fjærvik ser for seg at om meiningane er interesante nok, vil ein person med tilgjengeleg teknolog nå fram med sine meiningar så langt han vil.
– I framtida vil vi kanskje sjå eigne videosnuttar med folk sine meiningar, altså eit slags «Me-tv», spår Fjærvik.