Brenn for UFFA

Vil ha opprørsk ungdom og vanlege leilegheiter under same tak.

Publisert Sist oppdatert

Det vidkjende ungdomshuset UFFA brann ned den 29. desember i fjor. Sidan den gong har det vore eit iherdig arbeid for å få huset gjenbygt, trass ei låg utbetaling på forsikringspengane.

I førre veke la rådmannen fram tre alternativ for nytt UFFA-hus. Responsen frå miljøet var lunken. Ein av tankane var nemleg at ungdomshuset UFFA skulle kombinerast med vanlege boligar. Olav Holm er aktiv UFFA-gjengar og meiner det heile er urealistisk.

– Det ville vore vonlaust å gjennomføre Pøbelrocken med eit slikt alternativ. Det er godt over tusen folk som grillar og høyrer på høg musikk. Det er rett og slett urealistisk, seier han.

Det handlar om pragmatisme

Politikarane i Trondheim har frå før vedteke at nytt hus skal byggjast innanfor ramma av forsikringspengane, snautt 4.8 millionar kroner. Samstundes skal arbeidet skje så fort som råd er. Seinare har det kome krav om å røkte ut høva for non-profit ungdomsboligar. Desse krava ligg til grunn for framlegget frå rådmannen.

– Trondheim Eiendom har kome fram til at det er mogleg å bruke brakkemodular. Me har spurt Byggesakskontoret om dette og signala er særs positive. Ved å setje opp brakker kan me byggje nesten med ein gong, seier kommunaldirektør Morten Wolden for kultur og næring.

Byplanen i Trondheim byr nemleg på problem, meiner Wolden.

– Skulle me bygt eit permanent hus måtte me ordna med reguleringsplan, som byplanen krever. Dette tek minst eit år og forseinkar prosessen merkbart. Me måtte også ordna med ny anbudsrunde, seier han.

Brakker er midlertidige bygg og skal difor ikkje stå over lengre tid. Wolden meiner at Trondheim har heimel for å vera fleksible for dette.

– I Trondheim står mange brakker lengre enn to år før dei eventuelt blir bytt ut med permanente bygg. Med det sagt, så vil brakkebygg gje oss eit fullverdig UFFA-tilbod frå dag éin. Samstundes kan me starte arbeidet med reguleringsplan medan me byggjer brakker. Når reguleringsplanen er i gang, kan me vurdere korleis det skal bli permanent. Det kan vera ting som støydemping, lysforhald og anna, seier han.

Eit kjært problembarn

UFFA starta med at nokre ungdomar okkuperte eit hus i 1981. Morten Haugdahl skreiv boka «UFFA - 1989-2006» i samanheng med at UFFA fylte 25 år. Han har sjølv bakgrunn frå miljøet og meiner det har vore viktig for Trondheim.

– Det gjorde byen meir spennande. Sjølv flytta eg hit grunna musikkmiljøet rundt UFFA. Dessutan er det bra med sjølvorganiserte ungdomar. Dette miljøet gjorde også Svartlamon mogleg, som er eit viktig bidrag til bybiletet, seier han.

Spesielt nemner han effekten UFFA har hatt på lokalmiljøet.

– Det gjev jo ungdomen ein eigen plass. Dessutan er det ei lære i politisk og kulturelt arbeid, seier han.

Han undrast over framlegga frå rådmannen og forstår frustrasjonen til UFFA-miljøet.

– Eg er redd for at byråkratane har rundlurt heile mijøet. I det huset sto i loge var alle politikarane framme, med stor vilje til å byggje eit nytt hus. Konsertscena sto blant anna inntakt, men dei ville rive, fordi det «var enklare». Saka har vorte trenert, seier han.

Powered by Labrador CMS