
- Det finnes ikkje betre studentersamfund
Då Noregs bestefar Odd Børretzen var på vitjing hjå Studentersamfundet for å feire ny norsk musikk.
– Hei
– Hei.
– Så kjekt at du ville komma på vitjing til oss.
– Ja, det var vel ingen tvil om at eg ville komma opp her. Eg har vore her eit par gonger før, og det er ingen plass som er så godt organisert eller tar så godt vare på gjestane sine, som Studentersamfundet her oppe i Trondheim. Det er så mange gode tradisjonar her, og dykk gjer ein så god jobb på å ivareta dei. Eg har vitja andre studentersamfund, men det er ingen som er så bra som her, smilar han.
Odd Børretzen sit med eit glas vin og eit stykke sjokoladekake, og les igjennom dagens planlagde opptreden. Han lenar seg tilbake og fortel at han ikkje er ein klok mann. Han har eigentleg ikkje noko vettig å sei til oss, men det er berre å spytte ut om det er noko me lurar på.
Du seie sjølv du er lat, men likevel driv du på med eit yrke som handlar mest om å gje av seg sjølv?
– Ja, eg er lat. Det er alle førespurnadane som held meg i gong. Eg hadde ikkje jobba sjølv for å promotera meg. Visst ikkje folk hadde villa hatt meg til å opptre hadde eg helst sete å kikka i ein vegg, og vore meir enn nok tilfreds med det.
Odd Børretzen er forfattar, teiknar, oversetjar og songar. Han debuterte som forfattar for 51 år sidan, men enno har han ord og tankar som han vil foreviga på papir.
– Eg skriv ei bok no, men den kjem aldri til å bli ferdig.
– Kva skriv du om?
– Reiser
– Livets reise?
– Ja, du kan vel sei det slik. Men det er og om geografiske reiser.
– Er du enda eventyrlysten?
– Ja, men det går nedover. Alt blir litt som ein reprise. Eg har vore dei fleste stadar. London for eksempel. Der har eg vore så mange gonger at eg følar mykje av det blir det same om og om igjen. Men eg er absolutt ikkje metta.
– Mange av dine teksta handlar om livet og døden. Er døden noko du tenkjer på no som du snart fyller 84 år?
– Nei, eg er noko som eg kallar ein praktiserande ateist. Eg trur ikkje det er noko live etter døden. Som Shakespeare sa: Ein verden omgitt av søvn. Eg er ikkje redd for å dø, men det er litt dumt å dø visst ein ikkje følar ein har fått gjera alt ein vil.
– Har du fått gjera alt du vil?
– Nesten.
– Kva gjenstår?
– Det kan forandra seg frå dag til dag. Det er ikkje noko spesielt, men det jo dumt å dø visst ein held på å gjera noko.
Odd Børrezten har til saman gjeve ut rundt 50 bøker og CD-ar. Han har vunne sju Spellemansprisar, den siste vann han i 2009 for årets tekstforfattar.
– Kva er løyndomen bak suksessen din?
– Eg trur det er at eg skriv tekstar som alle kjenner seg igjen i. Eg skriv om kvardagsmenneske: Hendingar og problemstillingar dei fleste går igjennom eller opplevar. Og så stoppar ein opp å tenkjer over det når eg syng om dei.
– Kvar får du alle ideane din frå?
– Morosamt at du spør. Eg er vel den eineste som skriv alle tekstane om meg sjølv, så der har du vel svaret.
– Kva tekst har betydd eller rørt mest ved deg?
– Sidan alle tekstane i grun handlar om meg, så synes eg det er så privat at det vil eg ikkje vil svara på.
– Humor og ironi er noko som du brukar som sterke verkemidlar i tekstane dine. Er dette bevisst?
– Bevisst og bevisst, det er no slik eg ser på ting. Når det gjeld humor så kan eg sei ting eg sjølv ikkje oppfattar som morosamt, men så ler folk av det likevel. Ironi brukar eg ikkje så mykje som eg gjor før.
– Kvifor ikkje?
– Trur det har med alderen å gjera, eg er blitt snillare. Eg er ikkje lengre i så stor grad i opposisjon mot verda. Før hadde eg eit større behov for å angripe alt mogeleg, men det har eg vokse av meg med åra. Eg er rett og slett blitt for høfleg.
– Du er her i dag for vera med å feria ny norsk muskikk. Kva forhold har du til det?
– Eg høyrer mest på jazz, og eg følgjer for lite med til å ha noko å sei om det. Men eg har fått med meg at det går veldig bra med norsk musikk.
Odd Børrezten kikkar på klokka, og gjer beskjed om at no er det på tide at me visar han Storsalen. Med stokken i sin venstre arm og eit glas vin i høgre, gjer han seg klar til å gleda studentane i Trondheim atter ein gong.