
– Det går ant å tulle med det meste, så lenge ein sparkar oppover
I over eitt århundre har UKErevyane problematisert alt i frå kvinnekamp, nazisme og hippietid.
Heile UKA har sitt utganspunkt i revyane som annakvart år vert sett opp til inntekt for å drifte Studentersamfundet, tidlegare for å byggje dagens ståande hus, no for å bidra til finansiering av driften av Huset. UKErevyane har gjennom 104 år problematisert både samfunnet og studietida. Med namn som Alt-er-Sex og Vær-i-Tass har revyane spegla og harselert med samtida, og tatt opp alt i frå nazisme til hippietid.
Frå Cirkus til Studentersamfundet
UKA vert prega av eit utal arrangement, stolte tradisjonar, og i front av det heile: den historiske UKErevyen. Tradisjonen rundt UKEnamna er lang, og det er få ting under festivalen som skapar større diskusjonar blant dei prinsippfaste UKEentusiastane enn nettopp namnet. I følgje tradisjonen skal namnet nemleg ha tre stavelsar og kunne tolkast på tre ulike måtar. Det er berre eit fåtal som får vete om det hemmelege namnet før sleppet ved midnatt, og slik har det vore i 100 år.
Revytradisjonen starta allereie i 1913, tre år etter etableringa av Norges Tekniske Høgskule (NTH), då teatergjengen fekk sitt eige lokale. Berre med eitt par unntak under andre verdskrig, har UKErevyen blitt arrangert annakvart år, og slik vart altså Noregs lengste samanhengande revytradisjon etablert i Trondheim. UKA vart arrangert for første gong i 1917, då under namnet Baccarat. Dei første UKEarrangementa var drifta for inntekter til å bygge eit eige studentlokale, og i 1929 sto dagens signalbygg, Casa Rossa, klart. UKErevyen det same året vart sjølvsagt kalla Cassa Rossa, med revysongen «Studenter i den gamle stad», som framleis ivrig vert sungen av Trondheimsstudentane.
– Eg trur UKErevyen har vore viktig for studentar i alle tider. Revyen har alltid hatt som oppgåve å underhalde både Trondheim som bykultur og studentane, samstundes som dei skal få folk til å tenkje, seier revysjef Sofie Afseth for UKA-17.
Likevel har det vore stor svingning i innhaldet i dei ulike revyane. På 70-talet var det til dømes svært populært å framme politiske standpunkt. Afseth fortel at årets revy problematiserar korleis vi i Noreg idealiserer det vi sjølve gjer for verdssamfunnet, og at vi ofte kan bli for høge i hatten på eigen innsats.
Politikk, kvinnekamp og krig
Næmesis i 1933 kan nok reknast som den første verkeleg politiske revyen, der hovudpersonen slår seg opp som diktator ved NTH. Ei handling med ein uunngåeleg parallell til Hitlers frammarsj i Tyskland. Dei påfølgjande revyane, Dek-e-du i 1935 og Vær-i-Tass i 1937, hadde begge antifascistiske og vidare politisk-satiriske bodskap. Vær-i-Tass var også den første revyen som tillèt kvinner å spele i revyen. Likevel fekk ikkje dette vidare applaus, då enkelte var redde for å miste nokre revyfaglege poeng. Men kvinnene ville også engasjere seg i Studenter- samfundet, og slik vart det.
– Eg trur nok den største utviklinga i student-revyane i Trondheim er at nettopp samfunnet i seg sjølv har utvikla seg. Humoren vil alltid variere frå den samtida vi lev i, og ein vil difor harselere det som gjer seg aktuelt der og då, seier Afseth.
Vil skape historie
UKA-17 har visjonen «Skap historie», men kva slags historie er det eigentleg UKA ønskjer å skape desse kommande oktobervekene?
– Vi ønskjer mellom anna å skape ein revy med «wow-faktor», som forhåpentlegvis kan bli tiårets revy, slik Glasur vert rekna som byrjinga av 2000- talets beste, seier Afseth.
Glasur frå 2003 skulle ta eit oppgjer med vår eigen generasjon, glasurgenerasjonen. Det skulle vere fest, fyrverkeri og energibomber. Folk skulle først og fremst føle seg forelska då dei gjekk ut av salen. Afseth sier det kan vere utfordrande å skilje seg ut blant dei mange revyane.
– Det er vanskeleg å gjere noko som ikkje har vore gjort før, men vi har klart å skape nokre nye nummer som UKA forhåpentlegvis ikkje har sett tidligare. Eg kan for eksempel nemne eit Bollywood-nummer.
I tillegg speler vi i år på fleire tekniske verkemiddel enn nokon gong tidligare, som til dømes Facebook sitt «Vennileum», seier Afseth.
Tradisjonen tru, bryt ein den
Gjennom dei siste 100 åra er det nok UKEnamnet Alt-er-Sex frå 1997 som har skapt størst oppsikt. UKEsjefen, som på førehand ikkje visste namnet, fekk forklaringsproblem då namnet vart offentleggjort med mikrofonane retta mot han. Sidan denne gong har UKEsjefen vore underretta namnet før offentleggjeringa. Likevel har dei siste UKEnamna fått kritikk for å vere for «snille». Afseth meiner det bør være rom for satire, men samstundes skal ein kunne diskutere samtida.
– Eg meiner det går ant å tulle med det meste, så lenge ein sparkar oppover og ikkje nedover.
UKEnamnet vart vedtatt allereie i mars, og Afseth vart informert frå starten av. Dei siste månadane har ho haldt på å strikke ein genser med det planlagde UKEnamnet.
– Eg vart ferdig med genseren på avdukings- dagen, og det var stor stas å kunne dra av seg jakka å vise den fram klokka 00.00.
Det er ein elimineringsprosess å komme fram til UKEnamnet, og Forfattarkollegiet sto mellom 80 forskjellige namn som skulle bli til to.
– Eg er svært nøgd med at vi har eit namn som kling godt, det har ein naturleg plass i revyen. Sjølv om det vik frå tradisjonen om tre betydningar er det fleire UKEnamn som tidligare har brote med konseptet, så eigentleg følgjer vi berre tradisjonen med å bryte tradisjonar.
Kva er ditt favoritt-UKEnamn?
– Eg har eigentleg lyst til å seie Ta-De-Du. Håpet er jo at det skal bli ein slags UKEsjargong. Når ein sitt på Lyche og skal gjere opp rekninga, så kan ein berre seie «ta den, du», seier ho og ler.
Så kva er eigenleg greia med UKEnamnet, og kvifor så hemmeleg?
– Eg tykkjer det er ein artig tradisjon som skapar forventningar både blant publikum og frivillige. Eg har vekse opp i Trondheim og det var først då eg vart student sjølv at eg skjønte kor stort UKA faktisk er. Eg trur eigentleg du berre må oppleve UKA for å skjønne greia.