
Ein leik i leire
Eg veit ikkje kven som er rarast av Mary og Max, men det rare får meg til å le.
FILM
MARY AND MAX - REGI: ADAM ELLIOT - MELODRAMA PICTURES
Dette er ei historie om to einsame menneske på kvar si side av verda. Mary er åtte år og bur i ein småby i Australia, Max er i førtiåra og bur i New York. I utgangspunktet er det lite som tilseier at desse to skal ha noko til felles, men det er nettopp det dei har; begge går gjennom kvardagen åleine og meir enn noko anna treng dei ein ven.
Ved eit tilfeldig tilfelle sender Mary eit brev til Max for å finne ut kvar babyar kjem frå i Amerika, i Australia har ho fått vite at dei kjem ut av ølglas, og dermed er brevvennforholdet som skal bere filmen født. Handlinga er lagt til syttitalet, og vi følger Mary frå ho er åtte år til ho ein dag er vaksen og får eigne barn.
Mary and Max er ein sjarmerande film, og mykje av humoren spring ut av naiviteten og kvardagsoppfatninga til dei to hovudrolleinnehavarane. Det viser seg at Max har like mange vrangførestellingar som ein åtteåring, og i løpet av filmen får han ei diagnose som kan forklare storparten av handlingane og oppfatningane hans. Mary kan legge skulda på foreldra sine som begge er to særtilfelle av eit menneske. Summen av alle desse herlege augeblikka som oppstår, i lag med ei treffande språk, gjer at ein med jamne mellomrom vert nøydt til å trekke på smilebandet.
Teknologien som er nytta for å lage denne animasjonsfilmen er av det gode, gamle nittitalsslaget med leire eller plastilin og stilleståande bilete. Det er ingen glatte, dataskrikande linjer som ein finn i mange av dagens animasjonsfilmar. Uttrykket er røffare, og er av same slaget som det ein finn i Wallace and Gromit og Flukten fra hønsegården. Dette gjer at Mary and Max skil seg litt ut, og sender nostalgiske assosiasjonar til nemnde filmar.
Mary and Max er ei historie om venskap og einsemd, og om to underfundige menneske som finn trøst i kvarandre.