
Energisk sanglerke
På trass av ei lita scene og få musikarar, klarte Lerche å formidle ein fantastisk energi til publikum.
Stemninga på klubben var klam, intim og forventingsfull dei siste minutta før Sondre Lerche kom ut på scena. Lerche er for tida ein opptatt mann, men han tok seg likevel god tid til publikumet som hadde møtt opp på Samfundet fredag kveld.
Se bildegalleri fra konserten her.
Storsjarmøren frå Bergen starta showet med låtar frå den nyaste plata. Skal ein dømme frå den temmeleg labre responsen frå publikum, var det visst mykje av materialet som framleis var ukjent. Stemninga steig fleire hakk når Lerche framførte ein ny, heftig og svært orginal variant av den gamle kjenningen «Two Ways Monolouge». På trass av ei lita scene og få musikarar, klarte Lerche å formidle ein fantastisk energi til publikum. Songfuglen sjølv hoppa fram og tilbake på scena utan stans, på ein måte som imponerte dei fleste.
Programmet var, ifølgje artisten sjølv, godt innøvd. Det same kan ikkje seiast om det tekniske på klubben. Gjennom store delar av konserten var det problem med mikrofonane. Det førte til høge ulydar. Dette vart heldigvis fiksa mot slutten.
– Eg veit ikkje om de merkar det, men vi er sjukt stressa idag, for vi veit ikkje heilt korleis det tekniske fungerer, forklarte Lerche og smilte unnskyldande ut mot publikum.
På trass av tekniske problem, vart det framført eit variert program med både høgt tempo, lavt tempo, rock, pop og ballade. Eit stykke ute i konserten spurte Lerche publikum om han kunne framføre nokre låtar akustisk, og dei var sjølvsagt ikkje vonde å be. Lerche hoppa fram til sperringane, og gutane som hadde med sine utkåra på konsert, fekk plutselig ei litt strengare mine, mens motparten fekk stjerner i augene når Lerche bokstaveleg talt sto centimeter frå dei.
Sjølv om det var eit variert program, var konserten langdryg. Som i starten, blei det strategisk spelt mange nye, ukjende songar, før det blei spelt kjende songar igjen. Dette førte til at stemninga gjekk opp og ned som ei berg og dalbane, og etter ein og halv time kunne ein merke at publikum byrja så smått å bli leie. Den vanlege applausen og krav om «ein song til», var ikkje like brutalt høg som vanleg, men det var nok til at Lerche kom tilbake på scena. Denne gongen fekk publikum stå for songvalet på heile tre ekstranummer, og det var nok ingen dum idé.