
Fanga i ei boks
Libanon tek oss med på innsida, både bokstavleg og biletleg, og gir oss ein krigsfilm fri for heltar.
FILM - KOSMORAMA
LEBANON - REGI: SAMUEL MAOZ - ARIEL FILMS
Tenk deg at du er innesperra i ein liten tanks i lag med tre andre. Oppdraget er å gå inn i ein landsby som har vorte bomba og drepe dei som er igjen. Alt du veit om verda utanfor får du anten høyre via radio, eller sjå gjennom eit vindauge eller ein kikkert. Slik er det i Lebanon.
Året er 1982, og israelske styrker invaderer Libanon. Inne i ein tanks finn vi fire israelske soldatar, og med unntak av den fyrste og siste scena i filmen, ser vi alt frå deira synspunkt. Dei forlèt aldri tanksen, og det gjer heller ikkje publikum. Ordrar og informasjon vert formidla via radio og medsoldatar som kjem inn og ut av den pansra vogna, og inntrykket av landskapet utanfor ser vi stykkevis og delt gjennom våpensiktet. Detaljar av menneske og omgivnader vert synlege etter som siktet zoomar inn og ut eller flyttar seg i ulike retningar.
Kameraføringa gjer òg at vi kjem tett inn på karakterane. Det er nesten klaustrofobisk trongt inne i tanksen. Vi kjenner sveittedropane, og vi skjønar redselen og frustrasjonen. Tanksen er ein del av ein større patrulje, der soldatane tek i mot ordre og utfører etter beste evne. Det er ein kamp for å overleve i krig, men òg ein kamp mot kvarandre og for å halde hovudet kaldt i ein spent og intens situasjon.
Regissør Samuel Maoz var sjølv soldat på israelsk side under invasjonen av Libanon. Det er same mann som har forfatta manuset, og Maoz har tidlegare uttalt at han trengte tjue år før han var sterk nok til å skrive ned erfaringane sine.
Resultatet er ein film som aldri prøver å framstille soldatane som heltar. Dei er menneskelege, med sine feil og manglar, utryggleik og frykt. Det er frigjerande å sjå ein krigsfilm som portretterar dei involverte på ein slik måte. Dette er ikkje ei historie om heltedåd og dei gode mot dei vonde, det er ei historie om fire soldatar og deira opplevingar i krigen.