
Heile vegen frå idé til forestilling
Dvergen er sminkør, Snøhvit står for kostyme og heksa er teknisk ansvarleg. Skodespelarane i Snøfnuggene har laga teater heilt sjølv, heilt frå botnen, utan manus.
Eg møter gjengen ein tirsdags ettermiddag. Planen var å snakke åleine med regissør Ingvild Tiller Naustan før eg skulle få vere med på ei øving etterpå. I staden dreg Tiller Naustan meg ned i øvingslokalet på Isak, og det blir eit flokkintervju i staden. «Hjelpes», tenkte eg.
Nervøst går eg ned trappene og nærmar meg latteren. Dei fleste kjem rett frå skule, og sit med nista i fanget. Nokre set seg i stolar, nokre på scena og plutseleg har vi danna ein avslappa sirkel og praten er i gong.

Snøfnuggene

Det starta med ein idé, heldt fram med nokre telefonar, og tre uker fram i tid er det klart for premiera av Snøhvit, lykkelig alle sine dager? Gruppa, eller prosjektteateret, kallar seg for Snøfnuggene. Namnet er tilfeldig, men spelar på namnet Snøhvit.
Det er elleve gutar og jenter som hovudsakleg er å finne på anten drama og teater-linja på NTNU eller på teaterlinja til Charlottenlund vidaregåande. Litt av prosjektet deira går ut på å gjere alt sjølv, og då meiner dei alt. Minus å bygge opp eit eige teater, for scene stiller Isak opp med. Dvergen er sminkør, Snøhvit står for kostyme og heksa er teknisk ansvarleg. Og manus, det har dei improvisert fram.
– Utgangspunktet for stykket er slutten på eventyret om Snøhvit. Vi anser den slutten som litt rar. Kven blir med ein som berre tilfeldigvis er der og giftar seg med ham, spør regissør Ingvild Tiller Naustan.
Det demokratiske teater
Manuset er diskutert, improvisert og stemt fram av heile gruppa.
– Det er det man kaller «devised theatre». Man går ut på golvet, prøver seg fram og skriv eit manus ut av det. Så det er en samarbeidsprosess gjennom heile vegen, seier Maria Julseth Frantzen som speler Snøhvit i stykket.
På spørsmålet om denne måten å jobbe på har gjort at det har gått treigare, er det ei felles meining om at fordelane dankar ut ulempene.
– Det er ein del av prosessen. Man får jo nye innspel heile tida sidan det er såpass mange hjerner som fokuserer på same sak, seier Julseth Frantzen.
– Eg trur det blir betre - viss alle har eit like stort eigarskap til det man lagar. Det oppstår ting når man jobbar saman, som gjer produktet meir spennande. Vi har valt å bygge på kvarandre for å skape noko heilt nytt, seier regissør Tiller Naustan.
Viss Karl Marx skulle sett opp eit teater, hadde han nok nytta seg av denne metoden, tenkjer eg. Og vel å halde den tanken for meg sjølv.
Satiren
Devising theatre kan sporast tilbake til den britiske arbeidarteaterrørsla på 1930-talet. Det var eit amatørteater som skulle støtte opp om arbeidarar og arbeidslause sine levåkår og rettar. Bertolt Brecht i Tyskland var også inspirert av desse rørslene, og med sitt eksperimentelle teater Berliner Ensemble gjennomførte han satire gjennom ein «verfremdungstechnik». Teknikken gjekk ut på å nytte ulike distanserande verkemiddel for å hindre publikum å bli for følelsesmessig involvert, slik at dei kunne oppretthalde sin kritiske funksjon. Dette blei gjort ved å kome med kommentarar, sang og direkte henvendingar til publikum undervegs.
Stykket Snøfnuggene har sett opp er ei komisk satire på dagens samfunn, med regissør Naustan Tiller som også spelar regissør i stykket, ein «inspisient» og ein av dvergane som forteljar. Om stykket har det djupe alvoret Brecht ville få fram gjennom sin «verfremdungstechnik», er heller tvilsomt.
– Vi håper å få fram litt ulike verkelegheiter. Men vi håper jo først og fremst at publikum synast det er morsomt, då, seier Tiller Naustan.
Står meir på eigne bein
Etter intervjuet er eg og fotografen klar for å få ein liten smakebit. Alle går opp i eit hjørne, som gir oss anledning til å observere gruppedynamikken. Regissør regisserer, dei andre ler. Så trampar dei i veg ned mot scena, nynnande på noko som minner sterkt om dei sju dvergane.
Nede på scena legg alle seg over den døde prinsessa og set i ei voldsom skriking. Det blir ei litt lenger stillheit enn det som er vanleg, og til slutt kjem dvergen på at det er hennar tur å snakke, som alle ler av etter at scena er over. Medan eg sit igjen og tenkjer på at dei er i ferd med å øydelegge mitt syn på Snøhvit og den gode prinsen.
Dette minner jo på mange måtar om arbeidet Studentersamfundet gjer, der man samlar folk med interesse for noko, utan nødvendigvis den erfaringa eller kunnskapen som er krevd ute i den «verkelege» verda. Likevel er eg meir imponert etter å ha møtt denne gjengen, for der Samfundet kan lene seg på lange tradisjonar og personar som alltid veit meir enn ein sjølv, er desse mykje meir overlatt til seg sjølve. Om resultatet blir like bra er ikkje så nøye, for alt er jo- med Kaizers ord - ein del av prosessen.