
Konserten då tida opphøyrte
Med ein formidabel Promenadekonsert kan det herved stadfestast at UKA atter er over oss.
All opphausinga i forkant har verka unaudsynt. Lovnadane om tid som opphøyrer har verka overdreven. Dette var tankar før Promenadekonserten, men i ettertid innså eg at den levde opp til lovnadane.
Kjærleg atmosfære
I frisk oktoberluft trippa mange føter oppover Chr. Frederiks gate. Rundt på alle kantar kunne lang kjole- og dresskledde sjeler observerast. Dette er berre vanlege studentar,men på ein ganske uvanleg onsdagskveld. Dei var kledde i studentergalla, til ære for den høgtidlege opninga av UKA-13. Og det skulle absolutt vise seg å vere på sin plass.
Der var høge forventningar, til å ta og kjenne på med ein gong ein entra teltet i Dødens Dal. Salongorkesteret underheldt ved inngangen og var med på å skape ein atmosfære med assosiasjonar til ei heilt anna tid. Akkurat kva for ei tid er vanskeleg å setje fingeren på. Personleg synest eg dei minner om musikarane som underheld i Disneys versjon av En julefortelling av Charles Dickens. Du veit, då Ebenezer Scrooge blir teke tilbake til sin ungdom av fortidsanda og ser sin store kjærleik på det lokale vertshuset. Saman dansar dei til lystige tonar frå fiolin og fløyte.
Ei reise i tid
Nettopp tidsreiser skulle vise seg å vere tema for kvelden. Lysa blei endeleg slukka og alle auger retta seg mot scena. Der sat Trondhjems Studentersangforening (TSS), Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening (TKS) og Studentersamfundets Symfoniorkester klare. Kveldens to konferansierar kom springande opp midtgangen i følgje med ein liten herskare Star Wars utkledde skikkelsar. Symfoniorkesteret spela opp til, ja du gjetta riktig, Star Wars-melodien med den kreative tittelen The Main Title frå episode fire: A New Hope - o g slik fortsette det.
Me var innom juratida under eit stykke frå Jurassic Park , filmen frå 1993 med musikk av komponist John Williams. Jesutid stod for tur under Messiah av komponist Handel. Her var piratane si tid med melodiar frå Pirates of the Caribbean og Kaptein Sabeltann . Det var eit eineståande og flott samensurium av gamle og nye verk, til jubel og glede for publikum. Det var lun humor då dirigent for TKS, Marièl Eikeset Koren tok på seg ein pirathatt under piratmedleyen. Eller då dirigent for TSS, Gavin David Lee tok fram eit lysande blått lasersverd då dei fremførte The Main Title .
Statoil-propaganda, men vise ord
Det var så mange slåande inntrykk for at dei vanskeleg lot seg absorbere på fornuftig vis. Eit einaste lite skår i gleda var kanskje den noko usmakelege reklameringa for Statoil. Ein liten videosnutt av oljegiganten blei vist etter pausen. Den passa diverre ikkje, men det anar meg at arrangørane var pålagde å vise denne.
Men med velvalde og oppmuntrande ord frå UKE-sjef Jørgen Gravseth Espnes sjølv, og med Don’t Stop Me Now av Queen som avslutning vart dette gløymt. Me tar med oss Espnes sine utsagn inn i dei neste fire vekene.
Kort sagt fins det nemleg ei tid for å lese til eksamen, for å lese epostar om avslag på jobbsøknad eller epostar om at «Ja, du har fått jobben!». Det fins ei tid for rekkehus, stasjonsvogn og hund. Men den tida er ikkje no. No er det tid for UKA. Eg slenger meg gladeleg med på lasset med alle klisjeane. Tida har opphøyrt. Det er unntakstilstandar kvar enn ein snur seg. Dette stadfesta UKA med eit fyrverkeri av ein Pormenadekonsert. Me sest på andre sida, gutar og jenter. Me vil vere svært slitne og opp til fleire kroner fattigare, men akk så lukkelege. Måtte alle få ein fantastisk festival.