HØG STEMNING: Lars Vaular provoserar med sine rap-tekstar.

Krimi-nimi-nelt uortodoks

Lars Vaular er ute på sin første norgesturné, men gledar seg til å sleppa å forhalda seg til Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Sigarettrøyk fyller rommet backstage, tomme ølflasker dekkar bordet. «About that girl» dundrar ut i frå høytalarane, og Tommy Tee, Jesse Jones, Lars Vaular og resten av crewet hans på fem, sit og ladar opp stemninga til kveldens konsert på Samfundet.

Ein frå crewet ser opp, mens dei andre ikkje kunne brydd seg mindre. Faen, det blir sportsjournalistikk frå no av. Etter ein helserunde finn eg ein plass ved sida av Lars Vaular.

– Kva er forventingane til i kveld?

– Dei er høge, eg er gira. Me har berre spela i Trondheim på festival i sommar, så det er spanande å sjå om det kjem nokon folk.

– Korleis har turneen gått til no?

– Det har gått veldig bra, det er komen godt med folk på alle konsertane. Det var fett å vera i Næsna. Der var det mange som kunne songane utanatt. Det er gøy å få stadfesta at det er folk over alt som høyrer på musikken min. God stemning, seier Lars Vaular.

Samarbeidar med dei store

Tommy Tee blir kalla Gudfaren innan rapmiljøet i Noreg. Han har hjulpet mange artistar på vegen opp. Han har eit eige radioshow på NRK som er inne i sitt femtande år; «National Rap Show».

Han har også spela ei viktig rolle for Lars.

– Me har møtt kvarandre fleire ganger opp gjennom åra. Han har hatt mange ulike roller for meg. Då eg var 13 år høyrde eg på programmet hans på radioen. Mykje av rap-interessa mi er påverka av at det var noko jævli bra på radio. Norsk radio som ein kunne høyra på. Seinare så har me laga musikk saman, og det har kanskje gjeve meg merksemd som eg elles kanskje ikkje hadde fått. Han er ein pioner.

– Har du lærd mykje av Tommy Tee?

– Ja, ein lærer av alle ein jobbar med, men eg kan ikkje setja fingeren på noko spesefikt eg har lærd av han. Det er meir det at han er lett å jobba med. Når eg er i studio så gjev han beskjed om kva han synes er bra og ikkje, og eg treng ikkje å tenkje over kva eg kan sei eller ikkje til han. Me har tillit til kvarandre, og det er fett, smilar han.

Kriminiminell

Jesse Jones kjem snart ut med ny plate, men er med som oppvamar for Lars Vaular denne gong. Sjølv seier han at han er stemma frå gata, og er Noregs svar på ein gangster. Lars Vaular tenner ein ny sigarett og tar eit djupt drag og fortel at alle er menneskjer her.

– Jesse Jones er gangster, men me er alle menneskjer. Me har musikkgleda felles. Me samarbeidar bra. Sjølv om eg ikkje har såte i fengsel, så skjønar han meg og eg skjønar han.

– Hadde du forventa så stor suksses?

– Nei, egentlig ikkje. Det varar nok ikkje så lenge – folk blir vel lei av meg til slutt.

Lars seier han ikkje bryr seg om kva andre meinar, og at han syng utan fordommar. Difor kan han syngja om kva som helst.

– Eg er ikkje negativ eller positiv. Eg bryr meg ikkje kva folk synes om meg. Eg er ikkje redd for å bli oppfatta som rar, hard eller spak.

– Er du litt likgyldig til verda?

– Ja.

– Du fekk Politiets sikkerhetstjeneste (PST) på nakken etter du kom ut med sangen «Kem skjøt Siv Jensen»?

– Ja, fuck PST. Eg berre smilar av det – det er jo berre ein sang. Eg forstår ikkje oppstyret rundt den, ler han.

– Du er litt uortodoks.

– Ja, det er eg. Men eg trur folk likar egenart og personlegheit. I tillegg så har eg småfengande musikk, og det har gjeve bra resultat. Det handlar ikkje om meg. Eller jo, det handlar om meg.

Lars reiser seg og går.

– Høyrer du det? Det er noko feil med høgtalaren, seier han.

Han går bort og drar i nokon ledningar før han kjem og set seg igjen.

Framtida

Lars har jobba beinhardt i to år, men har enda mange planar.

– No blir det å gjera ferdig turnéen, i november har eg eit skrivekurs med John Olav Nilsen på vidaregåande skular i Bergen. Etter det har eg ein skuleturne i to veker. I desember har eg fri.

– Kva skal du då?

– Kanskje eg skal spela inn litt musikk i studio, men eg har lyst å stikka til Brasil. Det blir kult å komme seg eit anna land, sleppa å forhalda seg til Noreg. Så kan eg tenkja på heilt andre ting, sjå andre ting, sjå noko meir. Forandring fryder.

– Blir du lei av turnèlivet?

– Turné er fett, men eg blir lei av reisinga. Eg saknar tid til å ordna opp heime. Eg får berre vera heime to dagar. Så ryddar eg første dagen, så rotar eg andre dagen, og så må eg gå. Så virkar ikkje vaskemaskinen så får eg ikkje fiksa den. Stress, sier han.

Tommy Tee stoppar musikken. Alle ser bort på han.

– Eg går å snurrar nokon plater, seier han. Han stappar lommene med ølflasker og går ut.

Jesse Jones tilbyr øl, men eg takkar høfleg nei. Stemninga er snart fullada, og artistane er klare for å komma seg på scenen og starta showet.

Powered by Labrador CMS