IKKJE NØGDE: Korkje professor Ola Svein Stugu, eller kulturforvaltningsstudentane Line Nordsveen og Mari Søbstad Amundsen, meiner at Kulturminneåret har nådd målet om synleggjering.

– Kulturminneåret har mislukkast

– Kulturminneåret har vore usynleg, tamt og lite offensivt, meiner NTNU-professor. Kulturforvaltningsstudentar saknar å verte involverte.

Publisert Sist oppdatert

– Kulturminneåret har ikkje greidd å setje eit kritisk søkelys eller skape debatt, seier Mari Søbstad Amundsen, som studerer kulturminneforvaltning ved NTNU.

Fakta

Fakta i saken:

Kulturminneåret

  • Kulturminneåret 2009 har hatt dagleglivet sine kulturminne som tema.
  • Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet står bak satsinga.
  • Noregs Kulturvernforbund og Noregs Museumsforbund er blant dei involverte i arbeidsgruppa.
  • Det skal arrangerast kulturminneår kvart tiande år – neste er i 2019.
  • Eit kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø.
  • Kilde: kulturminneaaret2009.no

Ho har ikkje merka noko særleg til Kulturminneåret, der temaet har vore kulturminne frå dagleglivet – slik som strikkagenseren i skapet, bordet i kantina eller ein gamal button.

– I byrjinga fikk året stort fokus med ei storslått opning, bilag i aviser og verning av eit pissoar i Oslo, men generelt har vi høyrt veldig lite om det, seier Søbstad Amundsen og medstudent Line Nordsveen.

Eitt av måla for markeringa har vore å synleggjere og skape debatt rundt kulturminna. Nordsveen og Søbstad Amundsen trur ei meir aktiv inkludering av folket hadde vore effektivt i så måte.

– Vi burde fått større utfordringar frå dei som står bak. Dei kunne inkludert skuleverket i større grad, og gjort det meir handfast. Dette gjeld på fleire nivå, både for oss og for befolkninga generelt, seier kulturforvaltningsstudentane.

– Burde hatt meir aktuelt tema

Professor Ola Svein Stugu, ved program for kulturminneforvaltning ved NTNU, er heller ikkje positiv i si skildring av Kulturminneåret.

Foto: Toril Strøm, Under DuskenLine Nordsveen og Mari Søbstad Amundsen.– Det har vore usynleg, tamt og lite offensivt. Dei hadde ei storslått opning, og det har vore ein del merksemd, men eg er tvilande til om dei har lukkast med målet sitt, seier han.

Stugu mistenker at den store debatten aldri kom på grunn av temavalet.

– Det er bra med dagleglivet sine kulturminne, men eg er ikkje sikker på om dei tek opp dei viktige problemstillingane, seier han.

I dag er det eit stort fokus på energieffektivitet, og Stugu meiner arrangørane kunne tent på å setje fokus på truslar og utfordringar som er aktuelle.

– Kva skjer til dømes med gamle hus som framleis er brukandes? Kan ein finne nye måtar å sjå på forholdet mellom utbygging og vern på? Dette er ei utfordring som eg hadde ynskt at Kulturminneåret tok opp, seier han.

Arrangørane er nøgde

Johan Helberg er styreleiar i Noregs Kulturvernforbund, som har hatt hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av Kulturminneåret 2009. Han tilbakeviser all kritikk.

– Målet om synleggjering har vorte nådd. Vi har hatt mykje aktivitet, og nådd ut til ei gruppe menneske som ikkje er merksame på kulturminne til vanleg, meiner han.

Nøyaktig kor stor oppslutnaden har vore, kan ikkje Helberg uttale seg om, men han fortel at dette er noko arrangørane vil undersøke.

– Det er jo aldri slik at ein når ut til heile befolkninga, men vi har nådd ut til langt fleire enn dei tradisjonelt kulturverninteresserte, og det har til dømes vorte oppretta meir enn to hundre kulturminneløyper, seier Helberg.

Kulturminneløyper er forteljingar om kulturminne samanbunde i ei løype.

– Her i Trondheim har vi laga ei kulturminneløype på Kalvskinnet, og elles har Statsbygg hatt ope hus og vi har hatt ei utstilling av folkedrakter på Sverresborg Museum, seier han.

At temaet har vore lite spanandes, er han ueinig i.

– Vi ville ha eit tema som kunne fengje flest mogleg, og valet var basert på analyser frå førre kulturminneår.

Lei av markeringsår

Noregs Museumsforbund er ein del av arbeidsgruppa bak Kulturminneåret. Til forskjell fra Kulturvernforbundets Helberg, tykkjer generalsekretær Tron Wigeland Nilsen det har vore vanskeleg å gjennomføre markeringsåret.

– Vår oppgåve har vore å synliggjere musea, men det har vi ikkje lukkast med, innrømmer Wigeland Nilsen.

Han synest ikkje temaet har vore lett å selje, og trur ikkje politikarane forstår kva som krevst for å gjennomføre eit minneår.

– Dei forstår ikkje at planlegging tek tid. Det er vanskeleg å forutseie resultatet, når ein får penger rett før året startar og beskjed om at dei skal brukast på Kulturminneåret. Mitt inntrykk er derfor at musea byrjar å verte lei av desse minneåra, seier Wigeland Nilsen.

Departementet ueinig

Kulturminneåret ligg delvis under Kulturdepartementet og delvis under Miljødepartementet. Seniorrådgivar Marianne Moltke-Hansen i Miljødepartementet tykkjer målet med minneåret langt på veg er nådd.
– Det har vore diskusjonar rundt minna, til dømes om tv-vertinner og «Mosselukta», seier Moltke-Hansen.
Ho ser likevel utfordringa i å halde trykket oppe gjennom heile året, og meiner det er viktig å ikkje gi seg når Kulturminneåret er ferdig. Om ti år skal det arrangerast på ny.
– Målet er at samarbeidspartnarar skal finne kvarandre og halde fram det vidare arbeidet med kulturminne, slik at vi får eit kontinuerleg arbeid mellom markeringsåra òg, seier Moltke-Hansen.

Powered by Labrador CMS