Mektig scene og musikk

Opningskonserten til Trondheim Kammermusikkfestival bydde på varierte uttrykksformar og varm stemning.

Publisert Sist oppdatert

Hausten meinar alvor no. Det har vorte kaldare, mykje kaldare. Lauva ser galne ut i ein salig blanding av gult, raudt, oransje og litt grønt. På akkurat denne tida av året blir enkelte stader i byen snudd på hovudet. I eit miljø som kanskje ikkje den gjengse Trondheimsstudenten vankar i, kokar det. Det er nemleg tid for - for attande år på rad - Trondheim Kammermusikkfestival.

Eventyrleg utvikling

I likskap med sine mange søstre og brødre starta denne festivalen sjarmerande nok i beskjedne kår. På heimesida si kan dei melde om at det starta på to hyblar og diverse kafèbord. Året var 1996, og utviklinga har vore formidabel sidan den gong. På programmet i år presenterer dei større og mindre konsertar fordelt på ulike scener og arenaer spreidd utover byen, ein opera utanom det vanlege der publikum skal ha på seg bind for auga for å forsterke dei andre sansane, seminar av ulikt slag og mykje mykje meir.

Fyrste nummer ut

I går var det duka for den gjeve opningskonserten i Nidarosdomen. Musikalsk leiar, Sigmund Tvete Vik, for Trondheimssolistane, introduserte det heile med å seie at kvelden ville bli eit møte mellom århundrer. Musikken skulle nemleg bestå av verk av nolevande russisk komponist Lera Auerbach og Antonio Vivaldi. Auerbach er årets festivalkomponist og den aller fyrste kvinnelege i denne posisjonen.

Det heile starta med eit stykke av Vivaldi framført av Trondheimssolistane, før alle hovud snudde seg mot flygelet som var plassert midt i tverrskipet av Domen. Der sat ho sjølv, Auerbach og framførte eit eige verk. Slik gjekk det slag i slag, med veksling mellom midten av tverrskipet og alteret som arenaer. Me fekk høyre både Nidarosdomens Jentekor og Ann-Helen Moen som sopran. David F. Strunck på engelsk horn og Ørjan H. Johansen på klokkespel og cembalo.

Ekspert eller amatør

Eit utrent kammermusikkøyre kunne konstatere at det gjekk det innom både lystige tonar og dei mørkare og dystrare. Ein rask kikk i konsertprogrammet syner at temaene spant i frå kreftsjuke born til gleda over fred på jorda. Det var stor variasjon i uttrykksformar.

Nidarosdomen gjer seg som scene for musikk som dette. Ein kan sette pris på slike musikalske og kunstnariske opplevingar anten ein er personleg kristen, høyrer til ein annan religion eller ingen av delane. Anten ein er student eller pensjonist. Har peiling på kammermusikk eller ikkje. Det var svært godt å trekke seg vekk frå det våte haustvêret som pregar byen for tida, og gi seg hen til ein litt framand, men flott og mektig sjanger.

Powered by Labrador CMS