Musikalsk perfeksjonisme

ANMELDELSE: Trommehinnene rister og gåsehuden reiser seg. James Blake overbeviser.

Publisert Sist oppdatert

Det byggjer seg opp; synthar, komplekse rytmer, rungande bass – lag på lag. Det stoppar. Det som på plate er ein så vakker stemme at den nesten verkar overnaturleg, openbarar seg. Fire lag, frå mørkaste bass til lysaste diskant skapast dei vakre vokalharmoniane. Sletta er stappfull, men stille. Dette er James Blake på Øyafestivalen – ein konsert som seint blir gløymd.

Han er berre 25 år. Karriera starta for kun tre år sidan og diskografien består av tre album. På Øyafestivalen 2013 er han eit av dei store trekkplastera og namnet hans er kjend for dei aller felste. Likevel er det ein audmjuk soloartist som er plassert bak syntane på den store Engascena. Han seier knapt noko og beveger seg ikkje utanfor ein kvadratmeterstor firkant. Men musikaliteten han syner er nok til å fange publikum. For kvar låt forsvinn han djupt inne i tonaliteten og rytmikkens sfære, det same gjeldt akkompagnementet beståande av ein gitarist/bassist og trommeslagar.

Trommehinnene rister. Dei djupaste basstonar blir krydra med James Blake si fløyelsmjuke stemme, akkurat slik som på anlegget heime, berre no med desto meir risting og gåsehudfaktor. Det er dette han er så god på. Sjølv om rytmene er komplekse, både i instrument og vokal, utfyller det kvarandre og blir til ein jamn flyt.

Setlista er ein blanding av låtar alle tre albuma, men samtlege i ei ny drakt. Små, smakfulle forandringar i arrangementet, utan at det forandrar songane totalt, er med på å gjere konserten til ein ultimat konsertoppleving.

Radiohiten "Overgrown" avsluttar det heile. Det er ingen tvil om at James Blake er eit unikt talent. Han oser av musikalitet og finesse, og gir øyapublikummet ein overbevisande konsertopplevelse.

Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.

Powered by Labrador CMS