Når kjendisane skal redde verda

Frelsaren Bono har samla troppane. No skal kjendisane redde Haiti.

Publisert Sist oppdatert

Nyinnspelinga av «We are the world» er allereie unnagjort, og resultatet skal rulle over amerikanske tv-skjermar i samband med OL–opninga i Vancouver. Livekonsertane vart gjennomført for nokre veker sidan under parolen «Hope for Haiti now». Slik skal kjendisane redde Haiti på same måten som dei redda Etiopia i 1985.

Men Etiopia vart ikkje redda. I 1985 var landet midt i ein borgarkrig, i tillegg opplevde dei sterk tørke som forsterka hungersnauda og fattigdomen. Live Aid samla inn nesten ein milliard kroner, men delar av pengane gjekk rett i lomma på presidenten. Kritikarane hevdar at Live Aid på den måten medverka til å forlenge borgarkrigen og sikre fleire brot på menneskerettane. Ein av kritikarane er bistandsekspert David Rieff. Han hevdar at ein vanskeleg kan seie at Live Aid ikkje oppnådde noko, men ein kan absolutt seie at det gjorde det på både godt og vondt. På eine sida gjorde pengane at tusenvis vart redda frå svolt, på den andre sida bidro dei til at tusen andre vart drepne.

At kjendisar ber folk om å donere eit beløp til velgjerd har vorte like sjølvsagt som å takke Gud ved prisutdelingar. Kjendis–Noreg heiv seg i bistandsbåten i 1985 med «Sammen for livet» og etter tsunamien i Asia drog dei nok ein gong båten ut av naustet og rodde i takt på «Venn». Problemet med dette er todelt. For det fyrste veit ikkje kjendisane sjølve kva pengane går til, og for det andre er resten av befolkninga så naive at dersom vi ser ein kjendis fronte noko så tek vi det for god fisk. Kjendisane meiner det godt, og sjølve handlinga er god, men konsekvensane kan vere alt anna enn gode. Bjørn Eidsvåg har tidlegare uttalt at «det er ingenting som tilseier at ein pop– eller rockeartist skal ha noko spesiell innsikt i bistands– eller utanrikspolitikk». Dette er eit viktig poeng, og av denne grunnen stiller han ikkje opp på slike kjendisarrangement. Også andre deler dette synet. AC/DC har kritisert både Bono og Geldof for at pengane ikkje har gått dit dei burde, og for at dei brukar politikk til å skape blest om eigen person.

Kjendisane får oss til å tru at verda har opplevd tre krisesituasjonar dei siste 25 åra; Etiopia, tsunamien og Haiti. Dei skaper ein illusjon av at så lenge vi donerer litt pengar kvar gong dei gulpar opp ein ny «charity–song», så er alt bra. Sanninga er at millionar av menneske treng hjelp kvar einaste dag. Dei treng hjelp lenge før vi ser katastrofebileta på TV, lenge før Idol-Tone reiser til Afrika og syng «Byssan lull» og lenge før Bono og Geldof nyttar omgrepet Live Aid. Som eitt av dei fattigaste landa i verda burde Haiti fått hjelp for lenge sidan, men det måtte eit jordskjelv til for at kjendisane skulle få nok giv og PR-verdi til å stille opp. Det er ikkje eit brennande bistandsengasjement som får dei til å stille opp. Dei stiller opp fordi det er politisk korrekt, for å gi seg sjølve betre samvit og for å skine i eit godt lys.

Men vi andre er ikkje noko betre. Det må ein klisjéfylt innsamlingssong til før vi deler av velferda vår. Vi er som ein gjeng sauar som brekar i kor etter kjendisane. Gjennom å kjøpe songen «Stranded (Haiti Mon Amour)» får vi litt musikk, og Haiti får nokre kroner. Framfor å redde Haiti, reddar vi vårt eige samvit.

Etiopia er framleis eitt av dei fattigaste landa i Afrika. Tenk, det kan ikkje nytte med song.

Powered by Labrador CMS