
Oppsummering: Typisk Øya
Så var det over, Øyafestivalen 2013. Fire innhaldsrike dagar har lokka mange tusen publikummarar til Middelalderparken. Med gode konsertar, topp stemning og fint vær føyer Øya 2013 seg inn i den lange rekka av øyafestivalsuksesser.
Typisk Øyafestivalen. Folk som smiler med ein øl i handa, ein øl som må vare ein stund så lommeboka ikkje krympar for mykje. Dagens antrekk er gjennomtenkt, det skal passe til veret Yr meldte i går og det skal sjå random, men samtidig bevisst ut. Det er alltid musikk på eit anlegg i nærleiken, akkurat kven og kor er ikkje alltid så viktig, men den er med på på skape den gode stemninga.
Kva er ein god konsert?
Etter dei mange konsertane kjem spørsmålet stadig opp, kva er ein god konsert? Journalistkritikarane skriv side opp og side ned, synser, meiner og kastar terning. Publikum klappar, dansar, pratar, og er nok festivalens strengaste kritikarar. Dei krev å bli underhaldt. Skjer ikkje dette snur dei ryggen til og går. Svaret på spørsmålet er individuelt. Etter fire dagar fylt med konsertar, er konklusjonen klar; publikumskontakt og speleglede tronar øvst på lista over faktorar som er med på å gjere festivalkonsertar til ei god oppleving.
Etablerte og erfarne band har ein fordel når det gjeldt publikumskontakt, men speleglede er minst like viktig, og forsvinn ofte med ansiennitet og suksess. Ei festivalscene er ei avslørande scene. Den eine konserten etter det andre, og vi forventer stadig meir. Vi samanliknar, kritiserer og dømmer. To låtar kan vere nok til å avgjere om konserten er verdt vår merksemd, eller om ein øl på ein rolegare plass fristar meir. Til tross for at dei fleste har punga ut dyre summar for å vere ein del av Øyafestivalen, er det overraskande mange som prioriterer øl, mat og skravling til fordel for konsert.
Så var det over...
Årets plakat var spanande, men mangla dei store headlinerane. Likevel var det mange band og artistar å sjå fram til. Fire dagar, 38 timar og 40 konsertar seinare; Blur, Kraftwerk, Cat Power, Tame Impala, Kendrick Lamar, the Knife, Wu-Tang Clan. Sjølvsagt må ein få med seg dei store namna. Det var jo eigentleg ganske mange av dei, og fleire av dei gjorde det godt. Men det var dei middels store banda som gjorde Øya 2013 til det den var. Gong på gong imponerte mindre kjende og ferske band. Framtida ser lys ut, også for den norske musikkindustrien.
No er eg overbevist, det vart ein bra festival! Middelalderparken er forlatt for siste gong med eit stort smil. Tøyenparken ventar om eit år.
Å overgå idyllen og stemninga Øyafestivalen år etter år skapar, blir ikkje ei lett oppgåve. Men den lange rekka av suksess lovar godt. Så er det berre å krysse fingrane for at ansiennitet kun teller positivt for Øyafestivalen!