
Øyafestivalen dag 1: Sol, stemning og stolthet
Det har gått eitt år sidan sist musikken ljoma og sola steikte over middelalderparken. I dag er dagen dette skal gjenopptas, og med fjorårets fantastiske bookingar blir det spennande å sjå om Øya 2013 klarar å leve opp til forventingane.
Klokka er tre og konsertmaratonet er alt i gang. Dei vakre vokalharmoniane høyres på lang avstand. Dråpe har inntatt scena, og kvartetten viser seg erfarne og dyktige. Draumepopen fangar oss, og gåsehuden kryp oppover armane.
Enga scene skal innvies, og Laura Mvula er fyrste artist ut. Med eit svært dyktig band i ryggen, strålar ho frå scena. Hennes fantastiske soul/jazz-stemme, kombinert med harpe, fiolin, cello, piano, kontrabass og slagverk, imponerer. Vi klappar med i 7/8, og nyt årets fyrste festivalpils. Ein perfekt konsert i festivaldagens spede byrjing.
Nå får det faen meg være rock. Dei kallar seg Kunnskapens Jesus, og dei er her for å belære oss. Dagen er framleis ung, og vi er klar for lokalpatriotisk humorrock. Med show frå ende til annen gliser samtlege av Black debbath-medlemmane frå scena. Publikum syng med, og bandet gleder alle, som alltid, med sin originale humor. Kunnskapsnivået i publikum blir stadig høgare, og vi glimtar til med full pott då Egil ber opp til quiz.
Så kom tida for å sette seg ned, slappe av og la musikken skape ein komplett sommeridyll. Alabama Shakes inntar Sjøsiden scene, og folk klynger seg saman for å få eit blikk av bandet.
Om sommaridyll ikkje var noko du ynskja å hige etter, kunne Klubbenteltet by på stonerrockbandet Electric Wizard. Ikkje mykje som minnar om sommar, stemninga er bekmørk og konsertopplevelsen god. Eit høgare volum hadde gjort opplevelsen komplett; det rista ikkje nok i brystkassa, slik det skal gjere på ein ekte doommetal- konsert.
Dette har eg gleda meg til lenge: sjølvaste Tame Impala på Øya! Forventingane var store og overbevisninga dessverre litt liten då den australske psykelediakvintetten anspent og nervøst framfører låtane som dei siste åra har strømma over alles anlegg. Høyre, ikkje sjå, var den beste taktikken for å nyte denne konserten.
Les meir her: Høyre, ikkje sjå
Wu-Tang Clan står på plakaten, kjem dei verkeleg til å møte opp denne gongen? Joda, og det heilt presise! At den legendariske hiphop-gruppa ikkje har blitt plassert på den største scena, er synd. Det er smekkfullt på Sjøsiden. Energien på scena er enorm, og det kokar blant publikum. Konserten blir ein heidundranes fest der den eine hiten overgår den andre. For ein oppleving!
På festivalens største scene er Blur alt i gang, bandet som tronar øvst på årets konsertplakat. Kvifor? Det er det mange som har spørt seg om. Men 90-tals bandet har vakna til liv, og store delar av publikum syng med. For oss som ikkje har særleg kjennskap med det britiske popbandet, kvilar fokuset på ein tydeleg berusa vokalist som såvidt klarar å halde seg oppreist. Nei, la oss heller sjå om dagens siste konsert overbeviser meir.
Kvelertak avluttar showet. Øyreproppane trykkes langt inn i øyregangen, dette blir høgt. Bandet leverer, dette er søren meg bra og eg er stolt over å vere norsk.
Dag 1 av Øyafestivalen er over. Sola har steikt oss i ryggen under kvar einaste konsert, og forsvinn i ein fargerik solnedgang. Det byrja med draumepop og jazz, og avsluttast med hardrock. Eg tuslar smilande ut frå området. Må neste dag bli like god!
Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.